NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Kampen om Alta

Alta-utbygginga er ei lang og omstridt sak. Veldig mange har ei meining om utbygginga, sjølv 30 år etter at kraftverket kom i drift. NVE har saman med Kraftmuseet og Skogmuseet laga ei nettutstilling som du kan sjå her.

 

 

 

 

 

 

Utstillinga er laga av museumsordninga til NVE, der Kraftmuseet og Norsk skogmuseum er faste samarbeidspartnarar. Vi starta arbeidet med utstillinga i 2017, 30 år etter at kraftverket vart sett i drift. 

 

Mykje er blitt sagt, skrive og formidla om Alta-saka i form av avisinnlegg, bøker, foto, dokumentarer, kunst og anna. Ulike miljøer og grupperingar har fortalt si historie. Den samiske rettighetskampen var avgjerande for den krafta saka fekk. Vi belyser dette i utstillinga, men det er ikkje hovudfokuset.

Utstillinga er ikkje forsking eller ei omfattande presentasjon av alle sider av saka, men inneheld ei mengd smakebitar frå arkiv og kjelder som ikkje er publisert før. Utstillinga prøver å nyansere og utdjupa ein del av norsk vassdrags- og energihistorie.

 

Nettutstillinga er ikkje statisk, vi vil fylle på med meir innhald etterkvart. 

 

Altadammen
Altadammen ved Virdnejávri. Foto: Dag Endre Opedal/NVIM

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no