NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Historiske kraftverk

Den 31. august 2020 vedtok Riksantikvaren å freda ni utvalde anlegg som viser ulike sider med vasskrafthistoria fordelt på fleire stader i Norge.

Tysso 1, som vart bygd frå 1906 til 1918, har vore freda sidan 2000. På Rjukan vart Vemork - bygd i 1911 og Såheim - frå 1915, freda i hhv 2003 og 2015. Anlegga på Rjukan har også ein plass UNESCO si verdsarvliste.

 

Eit av anlegga på den nye lista er Hakavik Kraftverk, som er det eldste vasskraftverket i Norge som framleis er i drift. Det ligg i i Øvre Eiker kommune i Viken fylke. Byggestart var 1916, men det vart først sett i drift i 1922, etter at ein av dei lengste streikane i landet hadde sett ein stoppar for arbeidet frå sommaren 1920 til vinteren 1921. 

Det var Drammensbanen som skulle elektrifiserast med Hagavik kraftanlegg, noko som heitte at anlegget produserte ein såkalla jernbanestraum med einfasa 16 2/3 Hz (svingningar per sekund).

Anlegget leverer framleis straum til jernbana, men vart delvis modernisert i 2019 då to av dei gamle aggregata vart skifta ut med eit større.

Kraftmuseet har vore med på å dokumentera Hakavik, og du kan sjå ein modell av kraftstasjonen i 3D om du klikker på biletet: 

Hakavik 3D

Om du vil ta deg ein tur inn i stasjonen, kan du gjera det om du klikker på dette biletet: 

Hakavik Matterport

 

Kontrollrommet på Hakavik kraftverk. Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet

 

 

Eit anna historisk kraftverk er Dalsfos elvekraftverk som vart bygd i 1907 i Kragerø kommune. Det vart ombygd og modernisert i 1958. Om du vil kikke inn i stasjonen, kan du klikke på dette biletet: 

Dalsfoss

 

Dalsfos kraftanlegg. Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet

 

Glomfjord kraftverk i Meløy kommune i Nordland fylke var det første statlege kraftverket som vart bygd utanfor Oslo. Du kan lesa meir om det, sjå bilete og ta deg ein tur inn om du klikker på biletet:

 

Glomfjord kraftstasjon. Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet

Glomfjord Kraftverk

Alle modellane er laga og sett saman av Dag Endre Opedal på Kraftmuseet.

 

 

 

Klikk på biletet og sjå lista over alle dei freda kraftverka i pressemeldinga til Riksantikvaren:

 

 

 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no