NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Vassdragsvern

Kraftmuseet har vassdragsvern som eit viktig tema. Vassdragsvern er vern av vassdrag mot kraftutbygging. Eit vassdrag er eit samanhengande system av bekkar, elver, innsjøar og isbrear.

 

Opovassdraget ved Låtefoss Opovassdraget om vinteren. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

Vassdragene har mange funksjonar i Norge. Vi kan nemna: vassforsyning, fiske, transport, tømmerfløting, kraftproduksjon og rekreasjon. 

Opo-vassdraget nedre del mot Odda sentrum        Espelandsfossen i Opo-vassdraget i Odda        Vidfoss i Opo-vassdraget ved Hildal i Odda
Eideelva                                          Espelandsfossen                             Vidfossen.     Elver og fossar i Opovassdraget.                 
 

Vern eller kraftutbygging?

Norge er eit vannland med 4 000 vassdrag og 250 000 innsjøer. I dag er 387 vassdrag verna mot kraftutbygging. Omtrent all produksjon av elektrisitet her i landet er basert på vasskraft. Norge har eit av dei høgaste forbruk i verda når det gjeld elektrisitet per innbyggjar.

Konflikta mellom vern av vassdrag eller bruk av vassdraget til kraftproduksjon skaper framleis store diskusjonar i samfunnet. På 1970-talet og tidleg på 1980-talet var det til dømes stor strid om Mardøla- og Altautbygginga.

 

 

Kva er ein verneplan for vassdrag?

At eit vassdrag er verna tyder at det ikkje kan gjevast konsesjon (tillating) til kraftutbygging. Den fyrste verneplanen for vassdrag kom i 1973. Med vedtak for verneplan av Stortinget i 1980, 1986, 1993 og 2005 er no 387 vassdrag verna. Desse vassdragene utgjer eit representativt utsnitt av norsk vassdragsnatur.

 

 

Kvifor vert vassdrag verna?

Årsakane til at eit vassdrag er verna kan vera mange. Det kan ha særleg betydning for naturvitenskap, ha spesielle landskapskvalitetar, betydning for friluftsliv, kulturminneinteresser m.m. All kraftutbygging i verna vassdrag er meldepliktig etter Vannressurslova, og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal vurdera alle planar for utbygging.

 

Låtefoss panorama

Låtefossen i Opovassdraget. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Vern av vassdrag betyr altså i denne samanhang vern mot kraftutbygging. Stortinget har imidlertid understreka at det kan vera behov for å verna vassdrag også mot andre formar for inngrep, om desse er med på å undergrava verneverdiane. Inngrep i vassdrag er samlebetegnelse på fysiske tiltak som føregår direkte i elva eller i kantsona langs vassdraget. Døme er veg- og brobygging, masseuttak og vassforsyningsanlegg.

 

 

Kvifor ble det naudsynt med slike verneplanar?

Arbeidet med vern av vassdrag vart sett i gang rundt 1960. Landet var då inne i ein periode med omfattande vasskraftutbygging. Det var naudsynt med ein nasjonal plan for å bevara noko av vassdragsnaturen urørt.

Tysso I kraftverk på vasskrafta.no

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no