NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Fotograf Knud Knudsen. Permanent fotoutstilling på Tokheim

Ved den ruvande Kolasteinen på Tokheims-mjøstølen i Odda har Knud Knudsen fått sin heidersplass i form av ei fotoutstilling på uthusveggen. Besøk utstillinga og gå deg ein tur i Knudsens nære landskap.

Foto og frukt, fonn og fjord
Fotografen Knud Knudsen (1832 - 1915), - gjerne omtala som skaparen av "det norske bildet", var like mykje odding som bergensar. Han etablerte atelier og fotofirma i Bergen, tok bilete over heile landet og blir rekna som den største landskapsfotografen i Noreg på 1800-talet.

 

Steinen på Tokheim

Steinen på Tokheim. Foto: Knud Knudsen 

 

Odding og bergensar
Knud Knudsen var fødd i Kremargarden i Odda. Sidan flytta familien til Tokheim der Knudsen vart svært opptatt av forsking innan fruktdyrking og dreiv planteskule. 

På Tokheim tok han og i mot keisar Wilhelm den 2. av Tyskland, såvel som "bygjester" og andre interesserte som kom for å nyta landskapet og utveksla kunnskap om fruktdyrking. Huset og hagen kalla naboane "byhuset" og "byhagen". Lysthus og utsiktsplass hadde han og.

Heidersplass
Jan Reidar Tokheim eig i dag garden der den kjende fotopionéren først fekk sin urnestad. Sidan er urna og minnetavla flytta til gravplassen på Berjaflot.  Men Jan Reidar har i samarbeid med Billedsamlingen i Bergen og Kulturfondet i Odda kommune laga ei fotoutstilling på Mjøstølen med "ubegrensa opningstid".

Gå turen i Knudsens nære landskap. Start frå Egne Hjem og gå opp til Kolasteinen/Storesteinen på Tokheim om du kan.

 

Ordførar Gard Folkvord opna utstillinga den 26. mai 2010. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

Odda har ein fantastisk "arv" etter Knud Knudsen.

Fotoarkivet etter Knudsen og mykje informasjon finn du ved Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen.

 

Tekst: B. Jordal, 2010.

 

 

Knud Knudsen

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no