Vatn er blant verdas viktigaste naturressursar. I Noreg er rennande vatn den viktigaste kraftkjelde, men er grensa for utbygging av vassdrag snart nådd? Eller må ein fortsetje å byggje ut slik at ein unngår tider med tomme magasiner og høge straumpriser? Vi gir ingen svar, dei må du finne sjølv.
Vill natur og vatn har alltid vore ei kjelde til rekreasjon og inspirasjon. På 1800-talet måla romantikarane ”det Norske Landskap”, med bratte fjell og rennande vatn, og det seiast at Myllarguten lærde å spela hardingfele av Fossegrimen.
Utstillinga er utarbeidd gjennom eit nært samarbeid mellom Kraftmuseet og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), som ein del av NVEs museumsordning