NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:

Utstillinga "Det store spranget"

Det store spranget  - Kvifor er det industri i Odda? Kvifor starta ein eigentleg med vasskraftproduksjon og industri i Tyssedal og Odda? Me får glimt inn i samfunnet før industrien etablerte seg her - i det arbeidssame bondesamfunnet og den livlege turisttida. Ei fast utstilling om den første fasen i industrialiseringa i Odda, og bakgrunnen for utbygginga.

Dette er ei frodig historie om framsynthet, hardt arbeid, trange kår, klasseskilje og trua på framtida. 
Du møter menneske - rallaren, anleggskokka, ingeniøren, direktøren. Gjennom desse blir historia formidla på ein folkeleg måte.

Utstillinga fyller to rom i hovudetasjen i museumsbygget i Tyssedal. Her er foto og gjenstandar, og noko tekst. Den majestetiske Ringedalsdammen reiser seg i utstillingsrommet, og gamle, ærverdige Hotel Hardanger er gjenoppført i modellform.

Utstillinga har tekstar på engelsk og tysk.                                                                                                                                                                                                             
Velkomen til eit spanande møte med eit norsk industrieventyr.  

Bondejente frå utstillinga i NB7   Rallaren i utstillinga i NB7   Funksjonæren i utstillinga i NB7

Bondejenta, rallaren og funksjonæren i utstillinga i Naustbakken 7. Foto: Harald Hognerud

Industrihistorisk utstilling i NB7

Industrihistorisk utstilling. Foto: Harald Hognerud

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no