NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Bunadsfoto

Ole Theresius Ohm dreiv turisthandel og manufakturforretning i Rymbilsgaren frå 1905 til 1929. Fotokort av bunadskledde kvinner frå Hardanger var god salsvare. 

Son til Ole Theresius Ohm - Olav Ohm - har gitt museet dei bunadskorta som er igjen etter turisthandelen. Dei er i dag i Kraftmuseet sitt arkiv.

 

 

 

Bunadsfoto av Hardangerkvinner

 

Ole Theresius Ohm (1864-1942) var opprinneleg frå Haugesund, kom fyrste gong til Odda i 1896 og var ei kort tid hjå Ola O. Hagen. Han var her berre om sumrane og selde antikvitetar til turistane, fortel sonen Olav Ohm. Ei stund hadde han og turistforretning på Voss og på Nøstet i Bergen.

Før det hadde han vore 12 år i Amerika, og hadde tenkt seg attende dit, men så traff han Anna Himle frå Voss som han gifte seg med.

 

I 1905 kjøpte Ole Theresius Ohm "Rymbilsgaren", som han hadde til 1929. Han dreiv turisthandel og manufakturforretning og vart fastbuande. Saman med Anna fekk han tre søner - Johannes og tvillingane Eirik og Olav. Dei budde i huset som forretningen var i, og leiligheita var etter høvet stor og hadde innlagt vatn og klosett, noko som var uvanleg den gongen. 

Då forretningen vart avslutta i 1929 flytte dei til Bakke, og Eirik Ohm bygde forretningshus der han dreiv kolonialforretning i mange år.

 

Bunadsfoto av Hardangerkvinner

Bunadsfoto av Hardangerkvinner

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no