NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Tørkeår og straumkrise

Åra 1959 og 1961 var ekstreme tørkeår på vestlandet, med lite nedbør som førte til tomme vassmagasin. 

Vassmagasina til AS Tyssefaldene hadde ikkje nok vatn til å produsera straum til verksemdene. Allereie hausten 1959 vart det sett i gang rasjonalisering av straum. Dette førde til noko arbeidsløyse, der kring 100 mann vert sett i sysselsetjingsarbeid på Eitrheimsvegen.

Ordninga varte til 1961, men monna ikkje nok. Andre og mindre tiltak vart sette i gang inne på fjellet for å tyna meir vatn ned til verksemdene. Mellom anna vart det laga eit hevertsystem frå magasinet i Langavatnet. Det monna litt, men vart likevel for puslete.

 

Tyssefaldene hadde heller ikkje hatt den store trua på tiltaket, men kraftleigarane var i beit for kraft og pressa på.

 

Det vart lagt ut røyr frå Langavatnet og fram til kanten på Ringedalen for å freiste skaffe meir vatn ned i Ringedalsvatnet. Effekten vart liten eller ingen og Tyssefaldene ville prøve noko heilt nytt.

 

Direktør Stin Hysing tinga to båtar som skulle produsere den straumen selskapet hadde forplikta seg til å levera til kraftleigarane.

To T2-tankarar, ein frå Magnus Konow og ein frå Anders Wilhelmsen; "Willpower" og "Lundis Lane" vart losa inn Sørfjorden frå Rotterdam. Den eine ankra opp i Tyssedal, den andre i havnebassenget i Odda. Desse tankarane var bygde for å gå inn i bombeherja byar for å produsera straum i krigstid.

 

Bård Kolltveit skriv i  ein kommentar:

Willpower heitte eigentleg Wilchief, men vart omdøypt i samband med kraftleveringa. Skipet tilhøyrde reiarlaget Anders Wilhelmsen, seinare storeigar i Royal Caribbean Cruise Line. Lundy's Lane tilhøyrde reiarlaget Magnus Konow, som ikkje lenger eksisterer. Begge var av den amerikanskbygde T2-tankskipstypen, seriebygd under andre verdskrigen. Maskineriet var turbo-elektrisk, og såleis høveleg for kraftproduksjon. Interessant, sett på bakgrunn mot kravet om straum frå land til cruiseskip som gjestar Vestlandsfjordane i våre dagar.

 

Til saman produserte båtane 200 000 kilowattimar 50 periodars straum i døgeret. Problemet var at alt i Odda var laga til å fungera på 25 periodars straum. No måtte alt elektrisk utstyr tilpassast førebels, medan alle venta på at regnet skulle koma. Utpå våren 1961 betra kraftsituasjonen seg, og fabrikkane fekk den straum dei hadde rett på.

 

Såleis fekk AS Tyssefaldene her eit signal om at det var på tide å byggja ut Tysso II, og i august 1961 sende dei inn konsesjonssøknad. 

AS Tyssefaldene byrja byggja ut anlegget Tysso 2 i Skjeggedal i 1964 og kunne levera 50Hz straum frå 1967.

 

 

 

Straumbåtane Lundys Lane og Willpower i Tyssedal i 1960

T2-tankarane ankra opp utanfor kraftstasjonen i Tyssedal i 1960. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Kjelder: Jubileumsboka "Tyssefaldene - krafttak i 100 år" av Jan Gravdal og Vidar Våde

Olav Kolltveit - Bygdesoga

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no