NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Helsingørprosessen

På ein konferanse i den danske byen Helsingør i dagane 26. og 27. juli 1924 møttest toppleiarar frå norsk industri med det målet for auga å få Tyssefaldene på fote att etter kriseåra på byrjinga av 1920-åra.

Tyssefaldene møtte på store problem tidleg dette tiåret fordi industriverksemdene som leigde kraft frå selskapet, kom i vanskar. Fleire verksemder hadde forsøkt å få til produksjon. Det vart drive forsøk på å framstilla ferrosilisium og ferrokrom på Tysso legeringsverk, men produksjonen kom aldri forbi forsøksstadiet. Norsk Elektrothermisk overtok legeringsverket og leigeavtalane, men forsøka på å få til stålproduksjonen mislukkast, og selskapet vart likvidert i 1923.

 

Legeringsverket - prøvefabrikk for Det Norske Zinkkompani ca. 1924. Foto: NVIM arkiv

 

 

 

Det Norste Nitridaktieselskap (DNN) ville byggja aluminiumsfabrikk i Tyssedal. Det hadde vore stor etterspurnad etter aluminium under krigen, så produksjonen gjekk med stort overskudd dei første driftsåra. I 1920 fekk verksemda problem og måtte innskrenka produksjonen. Det kom til fleire streikar i Tyssedal, og etter den siste i 1921 vart produksjonen ståande.

 

DNN aluminium i Tyssedal ca.1916-17. Foto: NVIM arkiv

 

 

 

Det same hende med Alby United sine fabrikkar i Odda. Dette innebar at kraftavtakarane til Tyssefaldene svikta og dermed heile grunnlaget for drifta av selskapet. I 1918 hadde krafttanlegget i Tysso produsert over 381 GWh. I 1922 hadde produksjonen falle til i underkant av 37 GWh. På dette tidspunktet hadde Tyssefaldene samla opp eit underskot på vel 4,5 millionar kroner.

 

Bakgrunnen for krisa var dei ekstraordinære økonomiske tilhøva i åra under og etter den første verdskrigen. Både karbid og cyanamid vart nytta i krigsindustrien. Etter krigen fall etterspurnaden så kraftig at frå 1920 var Alby United ikkje i stand til å betala leige for krafta frå Tyssefaldene.

 

 

Krise for Tyssefaldene

For Tyssefaldene var det først og fremst essensielt å få produksjonen ved fabrikkanlegga til Alby United i gang att. Direktøren ved AS Tyssefaldene, Ragnvald Blakstad, prøvde å få til ei ordning for ein ny finansieringsplan for verksemdene i Odda, der det vart spela inn at Odda kommune hadde så stor interesse av å få i gang arbeidet i Odda at den kanskje ville stilla seg som garantist for ein lånesum til verksemdene.

Men kommunen hadde ikkje noko å garantera med. Sommaren 1921 var det over 700 arbeidslause i Odda, og forsorgsutgiftene hadde eksplodert. Alby United var heller ikkje mykje verdt, og i desember 1921 kom det fram at heile aksjekapitalen i selskapet var tapt, og selskapet vart endeleg likvidert på nyåret 1922.

Situasjonen for Tyssefaldene byrja å verta prekær. Selskapet dreiv på bankane sin nåde og stod på randa av konkurs.

Blakstad la opp til ein strategi der staten skulle ta over gjelda til Tyssefaldene. Dette førte ikkje fram, og forsøket var det siste Blakstad gjorde som direktør. Han trekte seg frå stillinga som direktør i selskapet sommaren 1923.

 

 

Tyssefaldene var attraktive

Tyssefaldene vart likevel ikkje send til skifteretten. Ingen var interessert i at selskapet skulle gå konkurs. Kraftanlegget representerte store verdiar. Det same gjorde industriproduksjonsanlegga som høyrde til, og Tyssefaldene eigde dessutan store areal der det var mogleg å byggja ut ny industri. Desse verdiane kunne realiserast berre dersom produksjonen kom skikkeleg i gang att. Og vassdraget hadde eit stort potensiale for vidare utbygging.

 

Hausten 1923 var Norsk Hydro inne i biletet som mogleg oppkjøpar av selskapet og fabrikkanlegga i Odda.

 

Ved DNN hadde produksjonen kome i gang att, og selskapet Compagnie Royale Asturienne des Mines var i gang med forsøk på produksjon av sink. Allikevel var det heilt sentralt å få i gang att drift ved fabrikkanlegga i Odda. No kom Hafslund-Meraker gruppa på bana. Dei to karbidprodusentane AS Hafslund og Meraker Brug samarbeidde, og etter at Alby United hadde gått konkurs, var gruppa den einerådande karbidprodusenten i Noreg. Men det var og andre krefter som hadde interesse av vasskraftressursane og produksjonsanlegga i Tyssedal og Odda. Norsk Hydro søkte om konsesjon etter først å ha sondert med staten om kva vilkår ein kunne oppnå.

 

Men Norsk Hydro sitt engasjement i Tyssedal og Odda stranda. Tanken hadde vore å byggja opp selskapet som ein leiande aluminiumsprodusent, men desse visjonane ville ikkje lukkast. På eit styremøte i Paris våren 1924 vart planane om å kjøpa opp Tyssefaldene stoppa.

 

 

Helsingørprosessen

No kom Hafslund-Meraker-gruppa på bana att for å få i gang drifta i Tyssedal og Odda. Gjennom eit samarbeid med gruppa, bankane, offentlege styresmakter og dei andre kraftleigarane til Tyssefaldene lukkast det å få dette i stand. Selskapet Det Norske Zinkkompani AS vart skipa i februar 1924, noko som varsla om at det kom ein ny stor kraftleigar.

Hafslund-Meraker-gruppa tok kontakt med sinkkompaniet og DNN om eit samarbeid kring nyfinansieringa av Tyssefaldene. Deretter vendte ein seg til bankane, og parallelt med dette tok ein opp tingingar med Arbeidsdepartementet og vassdragsvesenet om konsesjon. Konsesjonssøknaden vart send inn 24. juni 1924, og alt 11.juli vart ein proposisjon om konsesjon lagd fram for Stortinget.

 

Etter at dei største aksjonærane i Tyssefaldene hadde slutta seg til ei nyordning av selskapet under Hafslund-Meraker-gruppa, DNN og Det Norske Zinkkompani, vart tilhøvet mellom dei nye eigarane ordna på ein konferanse i den danske byen Helsingør i dagane 26. og 27. juli 1924. Her møttest toppleiarane for dei impliserte selskapa. Den norske industrisektoren var tungt representert, mellom anna ved Knud Bryn, direktøren i Hafslund. Men internasjonal storkapital var og tungt inne. For DNN møtte mellom anna C.H. Moritz, medlem av representantskapet i selskapet og visepresident i Aluminium Co. of America. For det nyskipa sinkkompaniet møtte mellom anna Louis Hauzeur, som var administrerande direktør i eigarselskapet Compagnie Royale Asturienne des Mines. For den Norske Stat var regjeringsadvokat Kristen Johannesen til stades som observatør.

Under dette møtet vart Tyssefaldene nykonstruert.

Dei tre store kraftleigarane vart no og eigarane til selskapet. I august 1924 vart det avvikla generalforsamling i Tyssefaldene. Knud Bryn vart styreformann.

Å få Selskapet i gang att var uløyseleg knytt til målet om at industriverksemdene i Odda og Tyssedal fekk gunstige vilkår å driva på, slik Helsingør-avtala la opp til. Denne sikra industrien gunstige og langsiktige kraftleigeavtaler, og at industriverksemdene eigde kraftleverandøren sjølve.

DNN sette i gang med å utvida anlegget sitt i Tyssedal. Det Norske Zinkkompani overtok areala som Tyssefaldene eigde på Eitrheimsneset over fjorden for Tyssedal, og her vart det reist eit produksjonsanlegg som stod klart til bruk i 1929.

Haflsund-Meraker danna på si side Odda Smelteverk, som tok opp att karbid- og cyanamidproduksjonen ved produksjonsanlegget i Odda.

 

1924 - overenskomst Aksjeselskap Odda Smelteverk

 

 

Føregripe heimfall - Tysso II

For dei som møttest i Helsingør og staka ut kursen for Tyssefaldene og Oddaindustrien, spelte det inn at utsiktene til ei kraftig utviding av kapasiteten til Tyssefaldene alt låg i korta. Under konferansen i den danske byen vart det formulert eit utkast til vedtak om utbygginga av Tysso II.

Staten fekk konsesjonssøknaden i 1926, men den vart ikkje realitetshandsama før i 1928. Då vart konsesjonsvilkåra sette i samsvar med den konsesjonslova som vart endeleg utforma i 1917: Konsesjonane skulle for det første gjelde for 60 år. Ved utløpet av konsesjonstida skulle utbygde vassfall, kraft- og reguleringsanlegg, kraftstasjonen med tilhøyrande maskineri, forutan arbeidarbustader og anna, tilfalla staten med full eigedomsrett og utan vederlag. Vidare skulle selskapet ha sete i Odda kommune. Det var og teke med vilkår som gjaldt bruken av krafta.

 

Odda-industrien opplevde nye nedgangstider i byrjinga av 1930-åra, og då han heldt på å koma på fote att, kom okkupasjonen. Okkupasjonsmakta sette i gang ei utbygging av dei øvre områda i Tyssovassdraget, men dette arbeidet vart ikkje ferdig.

For Tyssefaldene sin del kom ikkje spørsmålet om ei utbygging av Tysso II for alvor på trappene før i 1950-åra, og då som følgje av at staten pressa på. I konsesjonsvilkåra som var fastsette i 1928, heitte det at utbygginga måtte ta til innan fem år etter at konsesjonen var tildelt. Kvart femte år måtte Tyssefaldene difor søkja om å få utsett denne fristen, noko ein fekk løyve til.

Men i 1950-åra var det så kort tid att av konsesjonstida på 60 år at staten rekna det som lite truleg at det ville verta gjennomført ei utbygging i det heile om Tyssefaldene fekk fleire dispensasjonar frå tidsfristen. Løysinga på det heile vart at staten overtok dei aktuelle fallrettane og eigedomane straks. Tyssefaldene fekk ei leigeavtale som gjaldt for 40 år, fram til 31. desember 2006. Og på same tid fekk industriverksemdene utvida kraftleigekonsesjonane til same dato.

 

 

Vendevatnkonsesjonen

Noko av grunnen til at Tyssefaldene fekk kniven på strupen med omsyn til å byggja ut Tysso II, var at trongen for elektrisk kraft hadde auka sterkt i åra etter okkupasjonen. Ekspansjonen som selskapet kunne visa til i denne tida var for det første at Øvra Bersavatnet var senka, og at Vendevatnet var overført til Mågelivassdraget. Vendevatn drenerte eigentleg ikkje til Mågeli. Vatnet tente frå slutten av 1800-talet som kraftkjelde for Hovland Uldvarefabrikk. Ullensvand Herad hadde hatt planar om å byggja ut Vendevatnet og setja opp ein kraftstasjon på Hovland heilt sidan den første verdskrigen. Planane vart ikkje realiserte, men heradet hadde hand om tre fire-delar av rettane i vassdraget, og etter okkupasjonen tok heradet planane opp att. Ein fekk hand om alle rettane i vassdraget, og arbeidet med å reisa ny kraftstasjon på Hovland kom så langt at det vart kjøpt inn både maskinar og anna utstyr. Tyssefaldene vart og interesserte i dette vatnet; med ein tappetunnel frå Vendevatnet ned mot Bersavatnet kunne Tyssefaldene auka vasstilførsla i Mågeli.

Tyssefaldene og Ullensvang Herad vart samde om ei avtale der selskapet fekk leiga rettane i Vendevatnet. Konsesjon vart gjeve for 40 år.

Utbygginga i Mågeli var i utgangspunktet mynta på å produsera elektrisk straum til hushald. Men ho opna og opp for at Tyssefaldene kunne produsera større kvanta kraft til industrien. I 1956 vert det sett opp ein eigen kraftstasjon, Mågeli kraftverk, som utnytta fallet frå Nedre Bersavatnet til Vetlevatn.

Etter kvart pressa staten på for at industrien skulle produsera meir kraft sjølv. Dette presset låg til dømes bak då Norsk Hydro tok til å byggja ut Røldal-Suldal-anlegget i 1960-åra. I denne konteksten inngår og Tysso II-utbygginga. Ordninga som vart etablert mellom Tyssefaldene og staten for Tysso II-utbygginga kune stø seg til tidlegare ordningar mellom selskapet og styresmaktene, men konteksten hadde endra seg.

Ønsket om å fremja den allmenne straumforsyninga var ein del av konteksten som Tysso II-utbygginga gjekk inn i. Etter at Tysso II stod ferdig i 1967, vart elektrisk kraft for første gong ført ut av Odda og Ullensvang. Tyssefaldene vart no kopla til Samkjøringsnettet, noko som sikra ei meir stabil kraftforsyning i områder av landet som hadde mindre vasskraftressursar, som det sentrale austlandet.

 

Kilde: Boka Tyssefaldene - Krafttak i 100 år 1906 - 2006. Utdrag frå artikkel av Svein Ivar Angell

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no