NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Tysso II

Då Tysso II i Skjeggedal starta opp produksjonen 24. januar 1967, fekk bedriftane og husstandane "rolegare" straum. Frekvensen gjekk frå 25 til 50 periodar. Svingningane er raskare og auga registrerer dei ikkje slik som før.

Frå 1913 hadde folk i Tyssedal og Odda fått levert 25Hz til heimane sine, og dei langsomme svingningane gjorde at ein oppfatta det som om lyset blinka. Folk sa at Tyssefaldene leverte straumen i "klumpavis".

 

Etter at utbyggjinga av Tysso II stod ferdig, var det slutt på at lyset vibrerte, eller som nokon sa: - at det lyste annankvar gong. Folk i Odda og Tyssedal kunne no kjøpa moderne vaskemaskiner, i dei gamle måtte motorane byggjas om til å tåla den raskare straumen. Elektrisiteten frå AS Tyssefaldene var no blitt ein del av samkjøringsnettet og leverte dobbelt så mykje straum som før.

 

AS Tyssefaldene hadde fått konsesjon for utbygginga av øvre del av Tyssovassdraget allereie i 1928. Vilkåra var at utbyggjinga måtte iverksettast innan fem år. Kvart femte år måtte Tyssefaldene søkja om utsetjing.

 

Konsesjonsperioden på 60 år vart stadig mindre. Planane for utbygging var ikkje ferdig utarbeida før midt på 1950-talet, og nye forhandlingar førte til ein foregrepen heimfall der staten overtok dei ferdige anlegga og det vart inngått ein leigeavtale på 40 år. Den vart seinare utvida til å gjelda fram til 01.januar 2031.

 

 

Demningen ved Nibbehøl i 1964-67

Byggjing av demningen ved Nibbehøl sommaren 1964-66. Foto: Olav Moe Kraftmuseet arkiv.

 

Staten sette vilkår for utbygginga. Den kravde at finansieringa av prosjektet på 137 millioner kroner skulle vera hundre prosent utanlandsk. Direktør ved Tyssefaldene AS - Stin Hysing - klarte å få tak i eit obligasjonslån på 10 millioner dollar (tilsvarande 71,5 mill. kr.) hos Lazard Brothers & co i London via Den Norske Creditbank. Resten av kapitalen kom frå eigarane.

 

Tysso II-prosjektet skulle ha tak i vatnet i eit nedslagsfelt som dekker 278 kvadratkilometer i ca. 1400 meter over havet, med kring 540 millioner kubikkmeter vatn.

Fortidas turistmagnetar - fossane Tyssestrengene og Ringedalsfossen, begge med over 300 meter fritt fall - vart lagde i røyr.

 

 

Kraftstasjonen Tysso II i Skjeggedal - interiør 1967. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Saman med fossane vart elver og vatn frå Langavatnet til Nibbehøl, Nybuvassdraget, Breiavatnet, Tyssevassdraget, Endåen, Halle Grøne, Slet og Floren leia inn i eit 17,5 kilometer langt tunnelsystem som endte opp i to vertikale Peltonturbinar i kraftstasjonen 450 meter inne i fjellet i Skjeggedal, omlag ti meter under normal vasstand i Ringedalsdammen.

Tunnelsystemet var bygd på eit takrenneprinsipp der mindre vassdrag og bekkar vart førde inn i tunnelen for hovudvassdraget på ulike stader på vegen ned mot kraftstasjonen. Dette hadde aldri vore gjort i Norge før, og det fanst berre eitt liknande tilfelle i heile verda.

 

Eit år før planlagt tid, vart Tysso II sett i drift 24. januar 1967.

 

Wilhelm Bugge DNN og Stin Hysing AS Tyssefaldene Wilhelm Bugge DNN og direktør Stin Hysing AS Tyssefaldene under den offisielle innviinga av Tysso II i september 1967. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

4. mars 1964 blir det vedtatt foregrepet hjemfall for Tysso I og Mågeli, med nytt hjemfall 31.12.2006.

Tysso II: 

Takrenne prosjekt med 17,5 km tunell på 16 - 20 kvm

Damanlegg Langevann og Nibbehøl

Bekkinntakene Tyssehøl og Endåen

Fall på 725 m

Opprinnelig 2 Pelton turbiner på 125.000 Hk - 90MW levert av Escher Wyss & Co 

To generatorer levert av National Industri på 110 MW

Produksjon ca. 895 GWh

Dykka stasjon

Kraftstasjonen i Skjeggedal befinner seg 450 meter inne i fjellet. 

300 kV kraftlinje mellom Skjeggedal og Røldal.

Planen var at anlegget skulle stå ferdig i 1968. Men allerede 24. januar 1967 startet den første turbinen.

Tysso II ble høytidelig innviet i september 1967.

 

Kjelde: Boka Tyssefaldene - krafttak i 100 år. 1906 - 2006

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no