NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Eigenprodusert lavalampe

Blir det lange dagar heime for ungane framover? Eksperimentering med naturfag er kjekt og lærerikt. Biletserien viser korleis du kan laga ein "lavalampe" med ting du finn i kjøkenskåpet. Forklaring under bileta.

Eigenproduksjon av lavalampe

Fyll litt matolje i eit glas. (Altfor god olje for eksperimentering, men er det unntakstilstand så er det unntakstilstand)

 

Eigenproduksjon av lavalampe

Tøm vatn (helst med litt farge i) oppi. Kva legg seg øvst? Vatnet, sjølvsagt. Det er jo det me tømer oppi sist..

 

Eigenproduksjon av lavalampe

Har du sett, olja flaut opp! Kvifor flyt olje på vatn? Og kvifor vil det ikkje blanda seg?

 

Eigenproduksjon av lavalampe Drypp litt vatn i ulike fargar oppi. Bruk eit sugerøyr til pipette, ved å halda for opninga med tommelen kan du løfta vatnet opp. (Kvifor funkar det?)

 

Eigenproduksjon av lavalampe Puttar du vassdropane i oljelaget så held dei seg runde og fine. Dyttar du dei ned i vasslaget så sprikk dei. Kvifor?

 

Eigenproduksjon av lavalampe

Kanskje de har andre ting i kjøkkenskapet og, som er fine å putta oppi? I kva sjikt vil dei leggja seg?

 

Eigenproduksjon av lavalampe

Til slutt kan du putta oppi ein brusetablett eller litt brusepulver, til dømes samarin eller c-vitamin. Her skjer det ein kjemisk reaksjon, og det blir danna ein gass. Nett som i brus. Kva er det som lagar bobler i brusen? Ei lommelykt gjev fin effekt.

 

Eigenproduksjon av lavalampe

På eit tidspunkt må vitskapleg metode vika for pur utforskingslyst. Send gjerne bilete viss de prøver heime!

 

Fyll litt matolje i eit glas. (Altfor god olje for eksperimentering, men er det unntakstilstand så er det unntakstilstand)

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no