NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Smio i Odda

Smia på smelteverkstomta, bygd i 1907, er den største gjenværande industrismie i Norden og tilhøyrer Kraftmuseet. Hordaland Fylkeskommune og Odda Vidaregåande Skule oppretta den fyrste Smedfaglinje i Norge her i  2015.

 

 

 

Bygg 026 på Odda Smelteverk - smia Foto: NVIM arkiv

Film: Dag Endre Opedal

 

I bygget var det smie, blekksmed, rør- og motorverkstad og sveiseverkstad for diglar. 

Her var produksjon av utstyr for bruk ved tapping av karbid, montering av elektrodar samt diglar til å tappa karbiden i. Det var heilt naudsynt å ha diglane klare til oppstarten av karbidovnane. Difor måtte alt utstyr i bygg 26 vera driftsklart til 15. juni 1907. 

 

I bygg 26 vart det heilt fram til 2003 produsert og reparert tappeutstyr, tappediglar og utstyr til elektrodar for karbidovnane. Dette vart tilpassa utviklinga av ovnsteknologien.

 

Bygget er eit av teglsteinsbygga i ”gata” som går nordover frå skalltaket. Det ligg på austsida av smelteverksområdet, rett ovanfor trefasomnshus III, med langsida mot vegen. Ytterveggane er av teglstein, og takkonstruksjonen er ståltakstolar tekte med bølgjeblekk. Opphaveleg var taket valma med takoppbygg, seinare ombygd til saltakform. Bygget har klassiske teglsteinsdetaljar som bogemotiv, avtrappingar, horisontale fasadeband, ornamenterte gesimsband med tannbord og rundboga vindauge. Innvendig er bygget delt i tre rom, med teglsteinsveggar imellom. Smia er ei komplett industrismie med mellom anna sveiseapparat, amboltar, esse, herdeomn, kran og ei rekkje ulike typar smedverktøy intakt. 

 

 

Bygget si utforming, med raffinert teglsteinsdekor, gjer det til ein god representant for den tidlege byggefasen ved anlegget. Saman med nabobygga dannar smia eit fint gatemotiv frå råstofflageret ved karbidfabrikken og ned mot cyanamidfabrikken. 

 

 

 

Smijernsrose  Smiing av ei rose til minne om ofrene frå Utøya. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

Barn smir

På smedfestivalen i 2011 fekk alle prøvesmi. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

Frå Smedfestivalen i 2011

Ei oppvising i smedkunst under smedfestivalen i 2011. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Skuleelevar får prøva smedfaget Skulelevar får prøva smedfaget. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Elevar ved smedlinja på Odda vgs Elevar ved smedlinja på Odda vgs. Foto: Dag Endre Opedal Kraftmuseet

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no