Du er her:

Skjeggedal

Skjeggedal ligg 6 km aust for Tyssedal sentrum. Namnet skal stamma frå ei tid då ein fredlaus mann frå Telemark busatte seg i dalen. Han lot hår og skjegg gro, og gjekk etter ei tid under namnet "Skjegge". Stadnamnet blei opprinneleg uttala "Skjeggjadal". Frå 1800 talet låg det eit hotell i Skjeggedal, men det blei lagt ned etter den fyrste kraftutbygginga.

 

I middelalderen budde det folk her. Det mannlege namnet Skjegge var kjend i Sørfjorden frå den tid. Skjeggedal er ikkje nemnd før i 1616, og då som Ødegård. På Island tyder "Skjeggjadal" ein stad med fosser som risen budde bak, og risen hadde stort skjegg.

 

 

Ringedalsdammen og Vetlevatn

Ringedalsdammen


Ringedalsdammen ligg i Skjeggedal, og blei oppført under Ragnvald Blakstad (1866-1929) si tid som direktør for A/S Tyssefaldene frå 1910 til 1923. Demningen er bygd i håndmeisla granitt, og er den største håndmeisla demningen i Norge. Første byggetrinn er i håndhogd granitt lagt i sementmørtel. I neste byggetrinn er den indre delen av betong og stein, med den største betongmassen mot vatnet. Inne i dei nedre og bakre delane er det store granittblokker lagt i betong. Inne i dammen er det ein langsgåande inspeksjonskanal. Det oppsto tidvis lekkasjer, og i 1929-31 blei det støypt ei jernbetongplate på vannsida. Tyssedal var igjen ute med ei teknisk nyvinning; støypeteknikken Chr. F. Grøner brukte, vakte oppsikt.

 

Demningen i Skjeggedal

Ringedalsdemningen er 521 meter lang og 33 meter høg. Bredden er 4 meter ved damkrona og 21.5 meter ved foten. Magasinkapasiteten er 407 mill. m3, der 202 mill.m3 er oppdemma. Dammen står imot 490m³.

 

Det er trollet si gigantiske middelalderborg med tannete topp og portmotiv ved slusene som møter deg på vegen inn i fjellet. Dammen er dekorert med ei damkrona utforma etter modell av ei middelalderborg. På midten kan du sjå initialene til Ragnvald Blakstad, samt årstalla for byggeperiode då demningen blei bygd, utført i 4 meter høge bokstaver i håndhogga granitt:

RB Ragnvald Blakstad på demningen

 

 

Frå Ringedalsdemningen kan du spasera innover Ringedalen, eller du kan gå over demningen og videre opp til Mosdalen. Ringedalen egner seg fint som startpunkt for turar i fjellet; for jakt og fiske, eller fotturar innover Hardangervidda.

Pumpestasjon Skjeggedal

Pumpehuset - Skjeggedal kraftstasjon

 

Skjeggedal kraftstasjon

Krafstasjonen blei bygd i 1938 for å nytta vatnet frå Ringedalsdammen ned til Vetlevatn. Den nye kraftstasjonen Oksla, som tok over produksjonen for Tysso I, får vatn frå Ringedalsvatnet. I 1986 blei Skjeggedal kraftstasjon snudd om til pumpestasjon og vatnet blir pumpa opp att i Ringedalsvatnet gjennom same røyr som det tidlegare rant ned i.

 

 

 

Skjeggedalsstova Skjeggedalstova

Skjeggedalstova

Skjeggedalsstova er ei gamal røykstove/ljorestove frå 1817 som høyrde til det gamla tunet på gården i Skjeggedal frå 1866. 

 

"Det stod ei gamal årestove i Skjeggjadalen eller i Dalen, som folk sa. Ho Gamla-Marta fortalde om henne. Ho var ti alner i firkant og bygd av stort rundtømmer. Ho hadde ikkje vindaugo, sa ho, berre ljore. Ho Marta budde i denne stova i ungdomen, og i denne stova var ho fødd". 

Les meir om Gamle-Marta her

 

Skjeggedalstova er ei tradisjonell røykovnstove frå Hardanger, med gang, kleve og stoverom med trapp til rom på loftet frå gangen. Stova blei tatt ned på 1960-talet og flytta av museumsnemnda i Odda kommune til tomt ved Solfonn turisthotell, Seljestad. Seint på hausten 2001 blei stova demontert, flytta ”heim” og reist på gamal tomt i tilknytning til det gamle Skjeggedalstunet. I 2005 blei den gamle røykomnen murt opp, ljoren kom på plass, trapp til lemmen, tradisjonelle bord og benkar til ca. 30 personar, enkel innredning med hyller og kjøkkenbenk og enkel linoljemaling av vindauga og ytterdør og askeliknande overflatebehandling inne i stova. Dette skjedde i regi av bygg- og anleggsavdelinga ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i samarbeid med Ivar Gravdal. NVIM er i dag eigar av Skjeggedalstova.

Skjeggedal sommar 2015 Kvernhuset i Skjeggedal. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

Kvernhuset som står bak Skjeggedalsstova er frå 1813. Det viser gardssamfunnet si måte å utnytta vasskrafta på. Slike vannkverner har vore i bruk i Hardanger sidan 1300-talet. Huset og kvernkallen er usedvanleg små. Garden låg langt til fjells med lite og dårleg fjelljord. I bygdeboka frå 1866 står det skrevet om garden: "8 mål åker, 54 mål natureng, har noko furetømmer å selja, 1 mils fårleg og tungvint veg til sjøs,jorda er kald og dulugt". 

Kvernhuset stod ferdig restaurert i 1997.

 

Tyssestrengene i Ringedalen

Ringedalsfossen og Tyssestrengene (regulert 1967)


Tidlegare var turar med båt på Ringedalsvatnet ei turistattraksjon. Lokale guidar førte passasjerar med båt inn til Ringedalsfossen, ein mektig foss med 160 meter fritt fall. Her kunne ein og observera dei flotte Tyssestrengene i fritt fall. Tyssestrengene var dei tredje største fossefalla i Europa med over 300 meter fritt fall.

Desse fossene er i dag regulerte og i hovudsak tørrlagte. Men i periodar med store mengder nedbør og overløp i magasinene, renn det vatn ut i Ringedalsfossen. Det skjer som oftast på haustparten, og i desse periodane kan ein oppleva ein liten smakebit på den attraksjonen som trakk turistar frå heile Europa til Tyssedal og opp til Skjeggedal.

Skjeggedalsfoss - Ringedalsfoss      Tyssestrengene i Ringedalen     Tyssestrengene og Ringedalsvatnet

 

Trolltunga

Trolltunga er ein av de meist spektakulære fjellformasjonane i Norge. Den ligg 1100 moh, ca. 700 meter over Ringedalsvatnet i Skjeggedal. Folk frå heile verda kjem til Hardanger for å oppleva Trolltunga. Det er absolutt ein 'once-in-a-lifetime' oppleving. Ta kontakt med TrolltungaActive eller visit Odda for mer informasjon.

TUREN:

Tid: ca. 8-10 timar t/r.
Lengd: ca. 11 km ein veg, høgdeforskjellen er ca. 900 meter.
Sesong: 15.juni - 15.september.
Det går T-merka sti frå parkeringsplassen i Skjeggedal til Trolltunga. På vegen er det skilt som viser distansen du har gått og kor langt det er att. Turen startar med ei bratt stigning frå parkeringsplassen i Skjeggedal opp til Mågelitopp. (Mågelibanen er ikkje lenger i drift). Stien går vidare flatt innover før ein går på ein ny meir moderat stigning. Deretter fortsett turen relativt flatt innover mot Trolltunga med nokon moderate stigningar.

 

Preikestolen
Aust for Trolltunga finn du Preikestolen, eit platå som også stikker ut ca. 700 meter over Ringedalsvatnet. Preikestolen i Ringedalen er mindre enn den berømte Preikestolen i Lysefjorden i Rogaland. Preikestolen i Skjeggedal hadde dette namnet den gong Preikestolen i Lysefjorden heitte Hyvlatonnå.

 

 

Himmelstigen
Innst i Ringedalen finns ein arbeidsveg som dei tilsette ved AS Tyssefaldenes brukte for å koma seg opp til magasinene på fjellet. I dag kan du klatra ein liknande veg saman med erfarne klatreguider frå TrolltungaActive

 Preikestolen i Skjeggedal    Himmelstigen til Trolltunga    Trolltunga i Hardanger

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no