På DigitaltMuseum kan publikum enkelt kommentera dei einskilde foto på - direkte til museet som forvaltar biletet. Det kan vere fleire opplysingar som årstal, namn på personar, eller det kan vere at biletet rett og slett er feil teksta. Slike tilbakemeldingar vil gjerne musea ha, slik at opplysingar blir retta opp.
AS Tyssefaldene og Museumslaget for NVIM har ytt midlar til tiltaket. Prosessen før publisering av foto er lang. NVIM har i mange år digitalisert, sikra og teksta kulturhistoriske foto. No vert endeleg samlingane tilgjengeleg for alle. Og stadig kjem nye foto til, så dette er ikkje ein statisk database, men vert utvida heile tida.
Her eit par døme på bilete som ligg ute på digitalt museum:
Gurine Gripp på hengebroa over elva Tysso. Foto: NVIM
Portrett av Olav Kolltveit i 1967. Foto: NVIM
Portrett av Roger Albertsen i 1987. Foto: NVIM