NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Knud Knudsen

I 2015 er det 100 år sidan den landskjende fotografen Knud Knudsen døydde. Knud Knudsen kom frå Tokheim i Odda og er gravlagd på gravlunden på Berjaflot. 

 

Knud Knudsen reiste over heile Norge og tok bilde. Dei fyrste fotografia frå Odda tok han tidleg i 1860-åra. Arkivet etter han tel mange tusen fotografi og er med på  UNESCO-lista over Norges dokumentarv.

Portrett av Knud Knudsen

 I den samanheng vil Odda kommune og NVIM i samarbeid ha fleire markeringar og den fyrste skjer 21.mai kl. 14.00 med opning av friluftsutstillinga «Foto-Knud på Smelteverket» som er ei kunstfotoløype med fotografi på vegg og frukttre-lundar.

Opninga skjer ved Fotopunkt 1 som er på Omlastingsstasjonen på Nylandsflaten mot Røldalsveien.

 

Utstillinga med etablering av foto og informasjonstavler, samt etablering av frukttre og møtepunkt har fått kr 300 000 i tilskot frå Norsk Kulturråd og kr 300 000 frå Fylkesmannen i Hordaland.

 

Velkomen til opning av friluftsutstillinga «Foto-Knud på Smelteverket» torsdag 21.mai, kl.14.00

 

Sjå foto her: flickr.com/photos/vasskraftmuseet

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no