NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:

Fototenester frå Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM)

NVIM si fotosamling består av mange tusen foto. Ganske mange av dei er tilgjengelige for bruk og er søkbare via Digitalt Museum. Ein del foto kan du og finne på flickr.com/photos/vasskraftmuseet

Vilkår for bruk

  • Foto på Digitalt Museum kan fritt lastast ned og brukast privat og ikkje-kommersielt
  • Foto i betre oppløysing kan tingast via digitaltmuseum.no eller ved direkte kontakt med NVIM, sjå prislista under
  • Oppgje namn, epostadresse, fakturaadresse, føremål for bruken og om du ynskjer papirkopi eller digital fil
  • Foto frå NVIM kan berre nyttast til det oppgjevne føremålet og kan ikkje delast med andre
  • Bruk av foto gjeld ein gang, så sant ikkje anna er avtalt med NVIM, digitale fotofiler skal slettast etter avtalt bruk
  • Det skal opplysast om fotograf og eigar Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum som fototekst eller i fotoliste, også ved bruk på Internett. Er fotografen ukjend, vert krediteringa: fotograf ukjend /Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
  • Utsnitt av foto og manipulering kan berre gjerast etter avtale med NVIM
  • Det skal visast varsemd ved bruk av bilete, slik at det ikkje krenker avbilda personer, jfr. Åndsverkslova § 45c
  • Attgjevinga skal vere av slik karakter at det ikkje skader fotografen sitt ry

Prisliste (inkl.mva)

Kopiar på fotopapir:  
Storleik Pris
14 x 21 cm (A5) kr 200
21 x 29 cm (A4) kr 250
29 x 42 cm (A3) kr 320
32 x 48 cm (A3+) kr 350
Digitale kopiar Pris
Digital fotofil i beste storleik til privat bruk kr 200
Digital fotofil for publisering i media, inkl. Internett kr  500
Forside, same kategori kr 1000
Reklame og utsmykking frå kr 800
 
Leveringstid: Inntil 14 dagar.
Gebyr for manglande kreditering: dobbelt pris. Tillegg for ev postsending.
NVIM kjem gjerne med fotoforslag til avtalt timepris.
 
NVIM gir rabatt ved større tingingar og til museum, ideelle organisasjonar, historielag og samarbeidspartar
 
Har du spørsmål kontakt NVIM på telefon 53 65 00 50 eller post@nvim.no

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no