NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:

Samlingane ved NVIM

NVIM er opptatt av å samle inn materiale som dokumenterer alle sider av industrisamfunna Odda og Tyssedal.

Målet er å byggje opp samlingar som kan dokumentere utvikling og endringar knytt til prosessindustri og vasskraftproduksjon. Vi ønskjer å setje dette i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, men heile tida er det hendingar lokalt som er studieobjekt for å forklare industrireisingar som skjedde i Norge frå tidleg på 1900-talet. 

Dette har ført til varierte samlingar, både med omsyn til media og innhald. Vi har privatarkiv, foto, filmar, intervju, gjenstandar, artiklar og bøker. Vi dokumenterer både teknisk utvikling knytt til prosessindustri og vasskraftutbygging og forhold som gjeld mennesket i lokalsamfunnet. Ta kontakt på telefon, brev, e-post eller på Facebooksida vår, eller kom innom om du har spørsmål om samlingane. 

Siri Jordal, arkivar og leiar for Dokumentasjonsavdelinga

Siri Jordal, arkivar og leiar for museet si dokumentasjonsavdeling. Foto: Harald Hognerud

 

Arkivsamlinga omfattar materiale frå organisasjonar, einskildpersonar og bedrifter. Biblioteket vårt er ei samling artiklar, bøker og andre media om tema museet arbeider med, t.d. vasskrafthistorie og lokalsamfunn. 

 

NVIM gjev stundom ut eigne bøker for sal, men vi har ikkje fast årbok eller publikasjonsserie.

 

Fotosamlinga er bygd opp av både enkeltfoto og seriar. Vi har foto frå privatpersonar, eldre fotosamlingar frå dei store lokale bedriftene og nye seriar frå eige arbeid. Knud Knudsen-samlinga som tilhøyrer Odda Bibliotek er også oppbevart og tilgjengeleg på NVIM. Museet bygger opp seriar med foto- og video-dokumentasjon frå restaureringsprosjektet i Tysso I-anlegget,  Odda Smelteverk, Tyssedal og Skjeggedal med vidare.

Anleggstida i Tyssedal

Filmar med lokal tilknyting eller lokalt opphav blir samla og er dels digitaliserte.  Odda-filmen frå 1963 er digitalisert og blir seld frå museet i samråd med Odda kommune.

Vi har også ei omfattande samling av livsløps- og temaintervju. Mange intervju er skrivne ut i tekst, men er ikkje søkbare på tema.

Gjenstandssamlinga er hovudsakleg knytt til hushald og arbeidarbustadane, samt kraftstasjonen Tysso I. Fanesamlinga inneheld alle typar faner frå lokale skular og det varierte organisasjonslivet.

 

Fane Folgefonn IOGT

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no