NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Røldal og vasskrafta

Den 20. juni 1906 skreiv Ragnvald Blakstad kontrakt med Østen Roalkvam og Olav Tveito frå Røldal på 2 tredelar av vassrettane i Bleskestadelva og Sonselifossen i Øvre Suldal. Det skulle likevel gå over 50 år før utbygginga i Røldal vart ein realitet.

Ragnvald Blakstad selde ein del av sin eigarpart til ingeniør Johan Haare. Eitt år seinare kjøpte Blakstad og Haare opp vassrettane til Brattlandselva frå ei rekkje grunneigarar i Brattlandsdalen. Planane var å bruka vasskrafta til fabrikkar som produserte kunstgjødsel, men dei kom aldri lengre enn til teiknebrettet.

 

Ragnvald Blakstad var ein kjend industrimann og kraftutbyggjar. I 1910 overtok han som generaldirektør for AS Tyssefaldene etter Sam Eyde. 

Ragnvald Blakstad var den fyrste som lanserte planar for storstilt kraftoverføring mellom landsdelane. Han teikna hovudlinjer frå kraftstasjonane i vest til austlandet. Samkøyringa kom først i drift på landsbasis i 1971.

I 1915 selde han vassrettane sine i Suldal, medan han leia AS Tyssefaldene fram til 1918, då etterkrigskrisa ramma han hardt og han måtte selja unna det meste av sine eigedommar. Vassrettane skifta eigarar eit par gonger før dei i 1930 vart selde til Odd Roalkvam og ingeniør Sigurd Kloumann.

 

Kloumann var heller ingen ukjend mann innan vasskraftutbygginga - han hadde vore ein nær medarbeidar av Sam Eyde under oppbygginga av Norsk Hydro på Notodden, og han var sterkt involvert i utbygginga av anlegga i Tyssedal. Han var og ein sentral person i opprettinga av AS Saudefaldene i 1913, der han vart administrerande direktør og leia utbygginga av dei første kraftanlegga i Sauda. Han var og med på utbygginga av Høyangfallene i Sogn og Fjordane. Som direktør på aluminiumsfabrikken i Høyanger i 1918 kom han i kontakt med Odd Roalkvam, som sat i styret som representant for Stavanger. Kloumann og Roalkvam satt med fallrettane i Bleskestad- og Brattlandselva frå 1930 og utover, utan å få til noko form for utbygging.

 Ragnvald Blakstad

 Ragnvald Blakstad

 

Sigurd Kloumann

 

I fleire tiår var det mange og store kraftutbyggingsprosjekt i Ryfylke, som Sauda og Lysefjorden. Blakstad og Kloumann viste og interesse for Røldal, sjølv om det ikkje kom til noko resultat.

 

I 1939 vart NVE kjend med kjøpet i Suldalsvassdraget, og tok opp spørsmålet om konsesjonsplikt og forlanga oversyn over vassrettane som Kloumann og Roalkvam rådde over. Saka vart teken opp att i 1950, etter at krigen hadde sett ein førebels stopp for den. Departementet sette ein frist etter ervervslova for å bringa konsesjonsspørsmålet i lovleg orden. Etter to forlengingar av fristen, gjekk denne ut i oktober 1953 utan at det vart fremma sak om tvangssal. Kloumann tok kontakt med Saudefaldene, om dei kunne vera interesserte i desse vassressursane. Då Saudefaldene sitt svar var negativt, gjekk førespurnaden vidare til Norsk Hydro. Sigurd Kloumann døydde før forhandlingane vart sluttførte.

 

Norsk Hydro sette i gang eit omfattande planleggingsarbeid, sjølv om det på dette tidspunkt ikkje var klart kva krafta eventuelt skulle brukast til. Valldalen stod heilt sentralt i eventuelle planar. Hydro meinte at utan regulering og oppdemming av Valldalen, ville ikkje utbygginga kunne bli rekningssvarande. Norsk Hydro tok kontakt med grunneigarane i 1952-1953, og dei fyrste direkte forhandlingane kom i gang.

Hydro førte no forhandlingar med folk som enno tende parafinlampar og stearinlys for å få ljos i stovene. Korkje Røldal eller Øvre Suldal hadde fått elektrisk straum. Saman med Suldal ville Røldal bygga eit mindre kraftverk ved Åkroken i Storelva som skulle gje omlag 100 kilowatt. Utbygginga var avhengig av statsstøtte, men Røldal sleit med å nå opp på Hordaland fylke sine prioriteringslister. Når Hydro kom inn i biletet, lukkast dei med å koma i gang med å skaffa bygdene kraft. Det vart ikkje satsa på små lokale kraftverk, men på overføring av kraft frå Sauda.

Det vart bestemt at det skulle byggjast overføringslinje frå Hellandsbygd i Sauda til Hegerland i Brattlandsdalen. Hydro tok på seg kostnaden med kraftlina over fjellet og transformatorstasjonane i Hellandsbygd og på Hegerland. Sjølv var Hydro også interesserte i dette, fordi dei trong anleggsstraum til den komande kraftutbygginga.

 

Arbeidet med linjene vart sett i gang hausten 1955, og fredag den 21. mars 1958, klokka halv sju om kvelden, kunne straumen setjast på.

Slik gjekk det til at Røldal og Øvre Suldal fekk elektrisk straum, betalt av Norsk Hydro, tre år før selskapet søkte om konsesjon på kraftutbygging i Røldal og Suldal, nesten fem år før dei fekk konsesjon, og over sju år før dei sjølve produserte straum her. Røldal var likevel den siste kommunen i Hordaland som fekk straum.

 

Valldalen før oppdemminga Valldalen før oppdemminga. Foto: Kraftmuseet Arkiv

 

 

Vassrettane vart til slutt handgjevne til Norsk Hydro den 13. juli 1954. Kontraktar vart inngått med grunneigarane til Storelva i Røldal, Kvanndalselva i Suldal, Valldalen og Novlefossen. 

 

Uvissa om kva vasskrafta skulle brukast til var nok medverkande til at det gjekk fem år før Norsk Hydro gjorde noko meir med sikring av vassrettane. Ein annan grunn var at det frå 1957 vart ført forhandlingar mellom Hydro og NVE om eventuelt makeskifte av fallrettar. Men i 1959 synte selskapet vilje til å gå vidare med sikte på å koma i gang med kraftutbygginga. Det vart skrive kontraktar med fleire grunneigarar, og i 1960-1961 vart det gjort grunnkjøp på Nesflaten.

 

I handgjevningskontraktane stod det at Hydro ikkje skulle overta vassrettar og eigedommar før dei hadde fått konsesjon. Dette må dei ha vore sikre på å få, då dei starta med skriving av skøyte og heldt fram med grunnerverv og kontraktar.

 

Kva ville så Hydro bruka krafta til? Den opprinnelege tanken var å bruka krafta til produksjon av kunstgjødsel. Desse planane gjekk dei vekk frå då produksjon av ammoniakk ved elektrolyse var for usikkert, og konkurransen frå dei nye petrokjemiske metodane var for stor.

Hydro var då i den situasjonen at dei hadde skaffa seg tilgang til vassressursar i Røldal og Suldal dei ikkje visste kva skulle brukast til.

 

Kring 1960 valde Hydro å satsa på bygging av eit aluminiumsverk på Karmøy der dei hadde bruk for store mengder kraft. Norske myndigheter støtta og oppmuntra til etablering av store industriverksemder, og i 1960 la industridepartementet fram ein plan om kraftig auke i norsk aluminiumsproduksjon.

Aluminiumsverket Søral på Husnes, som kom i drift i 1965, skulle og få kraft frå Røldal og Suldal, fram til kraftutbyggingane i Blåfalli, Mauranger og Jukla i Kvinnherad tok over kraftforsyninga.

 

Konsesjonssøknaden om utbygginga av Røldal-Suldalvassdraget vart sendt til Industridepartementet 28. mars 1961. Stortinget gjorde vedtak om å gje konsesjon fyrst den 10. desember 1962.

 

Røldal jordstyre gav ein fyrste uttale til utbyggingsplanane den 18. april 1961, der dei m.a. uttalte seg om den planlagde neddemminga av Valldalen: 

 - Ser ein reguleringa av Valldalen einsidigt frå eit jodbrukssynspunkt, må ein vel nærmast karakterisere det som ei naturkatastrofe for dei gardane som misser stølane sine. Samstundes nemnde dei at - Grunneigarane skal vera tilbodne så stort vederlag, som skal betalast i alltidverande avgifter, at dei ikkje greier å få denne nettoinntekta av beita ved vanleg stølsdrift.

Før dei gav ein endeleg uttale ba dei om fleire opplysningar, som vegbygging i Valldalen og til andre beite. Den 10. mai konkluderte fleirtalet av jordstyret slik:

- Ser ein heile bygda under eitt, vil det verta til økonomisk forbetring med denne utbyggjinga. Og ser ein på dei store kraftmengder som kan vinnast ut ved reguleringa, finn ein ikkje å kunne setja seg i mot at Norsk Hydro får gjennomføra sine planar.

Mindretalet var i mot ei regulering av Valldalen, men for reguleringa av Røldalsvatnet og Novlevassdraget.

Eit samla jordstyre kravde vegar langs reguleringsbassenga i Valldalen og Novlevassdraget.

 

Røldal kommunestyre meinte at utbygginga ville ha så store skadeverknader både for jordbruket og for turistnæringa at Røldal ville missa fundamentale delar av sitt næringsgrunnlag. Inngrepa vil i røynda verta av ein slik storleik og av ei så alvorleg natur at kommunen har vore inne på tanken om å leggja ned protest mot gjennomføring av planane.

 

Men Røldal kommunestyre bøygde av for trykket av dei nasjonaløkonomiske føremonane med utbygginga, og grunngav dette med følgjande tekst:

Når ein likevel tek omsyn til at konsesjonssøknaden gjeld eit prosjekt av stor nasjonaløkonomisk vekt, vil Røldal kommunestyre ikkje sette seg i mot at det på visse vilkår vert gjeve konsesjon, men då må det også frå konsesjonssøkaren si side, så langt råd er, verta ytt og ofra noko for å søkje å avbøta skadeverknadane og den alvorlege forringinga av levevilkåra i den bygda som den veldige kraftutbygginga i første rekkje vil gå ut over.

Kommunestyra i Suldal og Sand gjekk også inn for at Norsk Hydro fekk konsesjonen dei hadde søkt om.

 

 

Kommunane sette fram krav og vilkår til utbyggjar om kr. 4,50 per hk, konsesjonsavgift, bygging av vegar, stønad til bygging av samfunnshus og ny skule i Røldal, innbetaling av pengar til jordbruksfond og fiskefond, stønad til drift av Røldal ysteri - eller erstatning om det måtte leggast ned. Vasstanden i Røldalsvatnet skulle haldast oppe frå juni til september av omsyn til turismen, og utbygginga skulle gjerast så estetisk som råd var. Laksefisket og tømmerfløytinga i Suldalslågen skulle ikkje verta skadelidande. Her forlangde Sand kommune ei minstevassføring i Lågen i fisketida, årleg utsetting av fisk og avsetting av pengar til eit fond til tiltak som kunne fremja laksebestanden i vassdraget. Vedlikehald og utbetring av offentlege vegar grunna sterk belastning skulle verta pålagd utbyggjar.

 

Utbyggjar skulle også avgje inntil 10 prosent av kraftproduksjonen til kommunane Røldal og Suldal til sjølvkostpris.

Konsesjonskraft

 

Den Norske Turistforening avgav ein fyldig uttale der dei fokuserte på Valldalen. Dei ville ikkje motsette seg ei regulering, men ville innstendig fraråde oppdemminga og øydelegginga av Valldalen. I grunngjevinga framheva dei:

- Valldalen er den eneste gjenværende dal i Norge hvor den gamle seterkultur ennå eksisterer, og som på grunn av sin beliggenhet og de særegne forhold i bygda, må antas å kunne fortsette i alle tider framover. Legges dalen under vann vil en særpreget norsk natur og levende kultur bli ødelagt og næringsgrunnlaget for setereierne ødelegges. Turistmessig vil dette ha stor betydning.

Også privatpersonar uttala seg, ofte i kraftfulle ordelag, som banksjef i Sauda, Nils Øverland som opphavleg kom frå Røldal:

- Så sant det ennå finns nordmenn mellom oss så må alle protestera mot at Røldal skal verta rasert på denne måten. Vert det gjeve konsesjon slik det her er søkt om, vert heile Valdalen øydelagt. Og kva er Røldal utan denne dalen som har vore matbua og levemåten for fjellfolket i alle aldrar og er det framleis? Dalen kan ikkje erstattas med pengar!

 

Norsk Hydro fekk høve til å gje eit tilsvar på dei lokale uttalane, noko dei gjorde i mai 1962. Om Valldalen uttala dei at dei var fullt på det reine med at neddemminga av Valldalen var eit alvorleg inngrep i den driftsforma ein til då hadde hatt i jordbruket i Røldal. Men dei peika på at stølsdrifta gjennom fleire år hadde vore i tilbakegang også her, særleg på grunn av mangel på arbeidskraft og leigegeiter. Hydro meinte at Valldalen som utprega seterdal ville forsvinna uansett. Dei gjekk heller ikkje med på alle krav og vilkår kommunane hadde sett. Kr. 4,50 per hk ville ikkje koma på tale. Hydro ville heller ikkje bygga alle vegane kommunane forlangte, men gjekk med på ein traktorveg på austsida av Røldalsvatnet i tillegg til eit par andre. Dei ville gje stønad til nokre av samfunnstiltaka.

 

Utbyggjinga i Valldalen på 1960-talet Utbyggjinga i Valldalen på 1960-talet. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

NVE fatta vedtak i september 1962, der konklusjonen vart: 

- Etter hovedstyrets skjønn vil fordelene ved den kraftmengde som skal innvinnes i avgjørende grad overstige de samlede skadevirkninger.

NVE la vekt på at krafta ville koma norsk arbeidsliv til gode i eit distrikt med stort behov for nye arbeidsplassar. Dei sette som føresetnad at Hydro sin del av krafta vart nytta i industriell produksjon på Vestlandet og ikkje ført over til Austlandet.

 

Industridepartementet kom med merknadar i november 1962, der dei stort sett følgde NVE sin uttale. Dei tok ikkje omsyn til Hydro sine innvendingar mot satsane for konsesjonsavgifter, og sette dei til kr.4,50 per naturhestekraft til kommunane og kr.1 til staten. Næringsfond på 1 million kroner til Røldal og Suldal vart oppretthalde.

 

Heimfallsretten til staten vart nedfelt i konsesjonsvilkåra. Etter 60 år skulle heile kraftanlegget tilfalla staten til full eigedomsrett og utan vederlag. Ved utløp av konsesjonstida, i 2022, skal anlegget vera i driftsmessig stand.

 

Stortinget vedtok utbygginga av Røldal-Suldalvassdraget den 10. desember 1962.

 

Maskinsalen i Suldal kraftstasjon Maskinsalen i Suldal kraftstasjon. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Kraftverka i Røldal-Suldal har sju kraftstasjonar, som strekkjer seg langs Røldals- og Suldalsvassdraget ned til Suldalsvatnet og har ei årleg produksjon på omlag 2900 GWh.

 

 

 

 

Konsesjon

Konsesjon, tillatelse, godkjenning, bevilling, særlig en tillatelse av offentlig myndighet som etter lovgivningen er nødvendig for å sette i verk en virksomhet eller et tiltak, f.eks. kjøp av landbrukseiendom, bygging av kraftverk, etablering av oppdrettsanlegg eller igangsetting av visse andre slags næringsvirksomheter.

En velkjent konsesjonsordning er krav til boplikt ved erverv av større landbrukseiendommer. Mer moderne varianter er konsesjonsplikt for tilbydere av telekommunikasjon og etablering av anlegg for fiskeoppdrett.

Under merkantillismen hadde konsesjonssystemet stor anvendelse, men den økonomiske liberalismen på 1800-tallet gjennomførte næringsfrihet på nesten alle områder. Konsesjonssystemet ble bare opprettholdt for næringsvirksomhet hvor utøverne ville komme i en klar monopolstilling (jernbane, kraftforsyning o.l.), i de tilfeller staten ikke selv påtok seg disse oppgavene. På 1900-tallet er konsesjonssystemet igjen gjennomført for store deler av næringslivet.

Kjelde: Store norske leksikon

 

 

Kjelder:

Trygve Brandal  KRAFTEN Røldal-Suldal kraft gjennom 50 år 1965-2015   Hydro i Norge

Bratlandsdalen og Lonevatn.

Bratlandsdalen og Lonevatn.

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no