NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Turbinhallen i Tysso I

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum er eit kulturhistorisk museum med 16 faste stillingar. Det vart i 2011 utført vel 18 årsverk ved museet.

Føremål

Museet skal samla inn og dokumentera, sikra, driva forsking og formidla historie knytt til elvar og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og industristaden.Det er eit overordna mål å syna mennesket i høve til heim, arbeidsplass, samfunn og natur. Museet skal vekkja interesse for og samla materiale om vasskraftproduksjon og kraftkrevjande industri sine verknader på samfunnet: Teknisk, økonomisk, sosialt, politisk, kulturelt og miljømessig, gjennom formidling og undervisning, mellom anna knytt til museumsanlegget i Folgefonngata. Museet har som mål å bli eit nasjonalt senter for kunnskap og rådgjeving om norsk vasskrafthistorie, og historie knytt til kraftkrevjande industri og samfunnet ikring. Museet har og som mål å bevara, forvalta og formidla kunnskap om det nasjonale kulturminnet Tyssedal Kraftanlegg (Tysso I).

Kort historikk

1989 Stiftinga Odda Industristadmuseum og Arkiv vert etablert som oppfylging av forprosjekt i kommunal regi starta i 1985. Prosjektleiar er Randi Bårtvedt. 1994 Namneskifte til Vestnorsk Industristadmuseum og flytting av hovudsetet frå Odda til Tyssedal. 2000 I møte 13.04. godkjenner Komite for Kultur og Helse, Hordaland fylkeskommune nye vedtekter for ei utvida stifting og namneendring til Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.

Stiftarar:

Odda Kommune, Odda Smelteverk AS, Norzink as (no: Boliden Odda AS), Tinfos Titan og Iron K/S, A/S Tyssefaldene, og LO i Odda og Omland, BKK, Bjølvefossen ASA, DNN Industrier, E-CO vannkraft as, Eidfjord kommune, Norsk elektriker og kraftstasjonsforbund, Energibedriftenes Landsforening (EBL), Haugaland Kraft, Hardanger og Voss regionråd, Herdlandsfoss Kraftverk, Hydro Energi Røldal-Suldal, Indre Hardanger Kraftlag, Kvinnherad Energi, Lederne, LO Noreg, NHO-Hordaland, Norsk Arbeidsmannsforbund, NIVA, Norges vassdrag og energidirektorat (NVE), Noregs Ingeniørorganisasjon (NITO), Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund, Odda Energi, Norsk Industri, SINTEF, Statkraft SF, Sunnhordland Kraftlag, Tekna, Ullensvang herad.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no