NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:

Museet sine avdelingar i Odda

Museet har etterkvart fleire avdelingar i Odda. Arbeiderboligane i Folgefonngata, Odda Vitensenter og OddaSmio.

Flyfoto av Odda sentrum Eit oversiktsbilete frå 60-talet der vi ser Folgefonngata til venstre og Smelteverket til høgre i biletet.

Avdelinga i Folgefonngata består i dag av fem hus, Folgefonngata 9, 11 og 13 og to uthus. Uthuset som høyrer til Folgefonngata 9 er biletspelsal og forsamlingslokale.

Anlegget i Folgefonngata er eit vitnesbyrd om levde liv: lagnader, hardt arbeid, livsmot og trua på framtida. Anlegget var det første store restaureringsprosjektet museet gjennomførte. 

I dag brukar vi det i hovudsak til undervisning og arrangement. Museumslaget for NVIM nyttar nr. 13 som kontor og samlingslokale.

I Folgefonngata kan du besøke dei eldste arbeidarboligane i Odda. Er bygningane stengd, er du alltid velkommen til å setja deg ned i hagen. Vi tilbyr omvising og filmen 'Borna på Bakke' etter avtale.

Museumsanlegget i Folgefonngata        Bodil Honve og Harald Knutson fortel i filmen Borna på Bakke

17. mai i Folgefonngata                                                               Bodil Honve og Harald Knutsson

 

Seinare (2010) har museet overtatt det gamle laboratoriet på smelteverkstomta og bygd det om til Odda vitensenter i samarbeid med VilVite i Bergen. Museet kjøpte og smia på smelteverkstomta i 2010 - som er restaurert og blitt ei av Norges største smier.

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no