NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Trollmjøl

Trollmjøl var eit spesielt gjødselprodukt frå Odda Smelteverk AS

 

Gjødsel- og ugrasmiddelet Trollmjøl vart laga på Odda Smelteverk fram til 1975.

 

Kor lenge smelteverket marknadsførte dette kalkkvelstoffet under Trollmjøl-namnet, er ikkje klart. Bedriftsarkivet og andre kjelder har ikkje gitt oss svaret enno. Eldste trykte kjelde vi kjenner er heftet Kunstgjødsel-ABC frå 1929 (3. reviderte utgåve). Der står det under Kalkkvelstoff "Odda": "Støvfint cyanamid ("Trollmjøl", 20% kvelstoff) er et ugressdrepende middel som også med god virkning kan brukes til bekjempelse av mose i engbunnen. Den virker samtidig som kvelstoffgjødsel."

 

I 1930 vart det gitt ut eit informasjonshefte med tittelen "Trollmjøl mot ugraset i åker og mosen i beite og varig eng", (Rogalands trykkeri, Stavanger 1930). Dette tyder på at gjødsel- og ugrasmiddelet er marknadsført som Trollmjøl frå slutten av 1920-talet.

 

 

Trollmjøl-trollet. Utsnitt frå morrofane, Odda Mannskor

 

 

 

Cyanamidfabrikken i Odda var i 1913 den største i verda. I alt 14 land dreiv cyanamidproduksjon før første verdskrigen. Trollmjøl blei levert både i tønner, i papirsekkar og seinare i plastsekkar.

 

 

Bilde av trollmjølsekk

Reklame frå 1939. Arkiv Odda Smelteverk AS/NVIM

 

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) har drive forsking rundt cyanamid- og gjødselproduksjon i historisk perspektiv. Vil du lesa meir om trollmjøl- og smelteverkshistorie, kan du søke på trollmjøl og finna artikkelen Cyanamidproduksjon i Odda 1908-1935 av forsker dr.oecon Elisabeth Bjørsvik ved NVIM. Du kan også ta ein kikk på Elisabeth Bjørsvik sin artikkel om Vasskraft og industri i Hordaland i første halvdel av 1900-tallet (frå s. 68) og Bjørsvik sin artikkel Cyanamidproduksjon i Odda 1908 - 1935.

 

Illustrasjonen i fargar viser morro-fana etter Odda mannskor. Trollet har fått på seg songarlue. Om det spreier songarar som skal gjera slutt på ugras i enga eller om det fangar songarkryp, er ikkje heilt avklara. Mange av medlemene i mannskoret var tilsette på smelteverket og identifiserte seg med arbeidsplassen sin. Fana har vi i NVIM sine samlingar.

 

Skulle nokon fleire ha Trollmjøl frå Odda Smelteverk ståande, kan ein ta kontakt med Brita Jordal brita@nvim.no eller 53 65 00 59 / 90 13 99 84. Andre gamle gjødselsekker med logo eller stempel frå smelteverket er også av interesse for museet.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Odda si industrihistorie

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no