NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Smelteverket, gamleskulen og Bygda

Smelteverkstomta var eit hektisk anleggsområde i fleire periodar. I fotosamlinga etter smelteverket er fleire utbyggingstrinn dokumenterte. 

Odda Smelteverk anleggstida. Bygda, gamleskulen

Dette fotoet frå 1908 viser fabrikkanlegget, korleis landskapet var, kvar vegane gjekk og kva bygningar som sto i nærleiken av smelteverket. Der brannstasjonen og teknisk etat er i dag, låg den gong barneskulen eller folkeskulen som dei sa.

Fotoet er frå samlinga etter smelteverket. Det er tatt for å dokumentera nye bygg og fabrikkanlegg som kom opp. Det har nummeret I-04032 i fotosamlinga til NVIM, og du finn det på digitalt museum.

I framgrunnen ser vi ulike verkstadbygg og blekkemballasjefabrikken eller "blekken". Det var på "blekken" karbid-dunkane blei laga. Vi kan sjå at plateverkstaden er under oppføring og til venstre ligg det aller første smeltehuset som var i bruk nokre få år. Framfor smeltehuset er bygningen for lager og instrumentverkstad. Til høgre i biletet ser vi karbidsilohuset til cyanamide-fabrikken.

Mellom bygga ser vi  taubanen som frakta kalk og koks opp frå importkaien. Trikkeskinnene er og på plass. Den elektriske trikken var i drift frå 1907 og var til stor hjelp når materialar og tungt utstyr skulle på plass.

Fotoet viser godt korleis landskapet såg ut i Bygda og Kriken. Landskapet i Odda er forma ved at elva har laga tersklar eller høgdeskilnadar i morenen. Cyanamidfabrikken ligg difor litt høgare enn smeltehusområdet.

Vi ser og kvar vegane gjekk mellom gardane. Ut mot høgre biletkant går ein veg bortover langs Ungdomshallen der Oppheimsgata er i dag, ein veg tar opp til Oppheimstunet og ein tar opp gjennom tunet i Bygda og følgjer morenekanten der Bustetungata går i dag. Dette var Almannavegen som fortsette opp Tungebrekke.

Det store to-etasjes bygget  (til høgre for midten) er skulen i Odda. Skulen vart fort for liten då folketalet i Odda auka etter 1906, men han var i bruk fram til 1912 i alle fall. I boka Dei finaste band som NVIM har gitt ut, kan du lesa korleis skuleborna hadde det i dei spennande anleggsåra. 

Slike foto er interessante som kjelde og bakgrunn i arbeidet med stadanalysen for Odda sentrum.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Odda si industrihistorie

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no