NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Industripionerane

På Kraftmuseet i Tyssedal kan du sjå to bildespel av Randi Storaas; Industrieventyret og Industripionerane.

Albert Petersson med andre ingeniørar i eit festleg lag Albert Petersson (øvst) saman med andre ingeniørar i festeleg lag.

Foto: Albert Petersson si private samling - Kraftmuseet arkiv

 

Historia om industripionerane er ei historie om mot og dyktigheit, om ære og makt. Men det er òg ei historie om menneske. Kven var Albert Petersson eigentleg, og kva var det som dreiv Sam Eyde? Framstega skjedde fort innan teknologi, kjemi og økonomi, både nasjonalt og internasjonalt. Bildespelet handlar om kapital, med vekt på humankapitalen. Kraftmuseet sitt nye bildespel set lyset på gründerane og ingeniørane som leia an i utviklinga.



Randi Storaas har laga Industripionerane. Ho er kulturvitar og filmskapar, og har laga ei rekkje produksjonar for museum og nasjonalparksenter, mellom anna programmet Industrieventyret som har vore vist ved Kraftmuseet sidan 1994. Industripionerane er bygd på foto og kjeldemateriale frå ei rekkje arkiv. Saman med fagkonsulent Brita Jordal og andre medarbeidarar ved museet, har ho tråla gjennom samlingar i inn- og utland. Lyddesign er ved Arne B. Rostad. Han har mellom anna laga dokumentarfilmane Giganten om vår folkekjære Erik Bye (2005) og The Musician - Chick Corea (2017).



I bildespelet Industripionerane følgjer me Petersson og Eyde gjennom ulike fasar fram til dei tek avgjerande roller i Tyssedal og Odda. Begge bidreg sterkt til at me her får eit innovativt industrielt kompetansemiljø på Vestlandet. Sam Eyde blir den første generaldirektøren i kraftselskapet AS Tyssefaldene. Albert Petersson blir direktør for karbid- og cyanamidfabrikkane i Odda. Sam Eyde får posisjon som den viktigaste industrileiaren fleire stader Norge. Albert Petersson får status som det moderne Odda sin far.



Manus og regi: Randi Storaas
Lyddesign: Arne B. Rostad
Film og droneopptak: Dag Endre Opedal
Foto: Harald Hognerud
Forteljestemme: Line Starheimsæter
Sitatstemmer: Nils Nordberg
Faglege konsulentar: Brita Jordal, Randi Bårtvedt m.fl.
Lengd: 25 min

 

Du kan sjå filmen i museet sine opningstider. Filmen er på norsk og med anten engelsk eller tysk undertekst.

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no