NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Hardanger på Frogner i 1914

På Norges jubileumsutstilling i Kristiania (Oslo) skulle særleg utviklinga frå bondesamfunn til industrisamfunn framhevast. Hardanger var derfor representert med den nye industrien i Odda. Heile 216 store og små byggverk var oppførte i 1914, men fjerna etterpå. - I  2014 er det kunstprosjektet ”Kongolandsbyen” som har fått størst merksemd.

Utstillinga er omtala i boka ´Norges jubilæumsutstilling 1914´ av Brinchmann. Her les vi at ´Oddafabrikkene og Tyssefaldene´ hadde eigen utstillingspaviljong utanfor maskinhallen. Under gruppe 14 Kjemisk industri, var dei plassert i klasse 35; Kjemiske produkter for teknisk bruk. Fire andre bedrifter var med. Den eine av "Eydes paviljonger" ved brua Dei to største og først nemnde var Norsk Hydro-Elektrisk Kvælstofaktieselskaps (Hydro) og Det norske Aktieselskap for Elektrokjemisk Industri (”Elektrokjemisk” / ELKEM). Dei hadde fått ein framtredande plass midt framfor Industribygningen sin hovudfasade, ”som et symbol på bedriftenes foregangsstilling inden den norske industri” og populært vart dei kalla ”Eydes paviljonger”.

Vidare skriv Brinchmann: ”North Western Cyanamid Co. Ltd og Alby United Carbide Fact. Ltd (Tyssefaldene og Oddafabrikker) – en av vore nye storindustrier – hadde en vakker og imponerende paviljon ved Maskinhallen, en særdeles stilfuld utstilling, for en væsentlig del av repræsentativ art. Der utstiltes en del prøver av fabrikkernes produksjon, de viktige stoffer cyanamid og kalciumkarbid. Derhos blev de store fabrik- og kraftanlæg i Odda og Aura demonstrert ved plastiske modeller m.v.”

Paviljongen for Oddafabrikkane, Tyssefaldene og Auraanlegget

Truleg har både ingeniør Albert Petersson og industrimannen Sam Eyde vore å sjå spaserande rundt på det store messeområdet på Frogner. Dr. Albert Petersson representerte Oddafabrikkane og Aura-anlegget. Men kva dei eksakt gjorde og om dei vitja Kongolandsbyen har vi diverre  ingen vitnemål om.

Frognerutstillinga varte frå 15. mai til 11. oktober 1914 og hadde 1,5 millionar besøkjande. Den 17. mai vart det notert 30 000 besøkjande. I forvirringa etter utbrotet av 1. vedskrigen den 28. juli var det stengt nokre dagar, men den siste dagen kom heile 120 000 besøkende.

 

Kjelde: N.A. Brinchmann. Norges jubilæumsutstilling 1914 : Officiel beretning, del II, utg 1924. Boka er tilgjengeleg i fulltekst i Nasjonalbiblioteket sin database på nb.no.

Espen Ytreberg. En forsvunnet by: jubileumsutstillingen på Frogner 1914. Press 2014.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no