Du er her:

Eit liv med karbid

I Albert Petersson sitt ettermæle finn me vendinga ”han vigde sitt liv til karbidindustrien”. Han blir omtalt som eit teknisk geni. Særleg smelteomnskonstruksjonane hans var avgjerande for utviklinga av karbidindustrien i lang tid. 

I 1895 reiste Albert Petersson til Geneve der han overtok etableringa og drifta av det første industrielle forsøksanlegget for framstilling av kalcium karbid. Forsøka førte vidare til etablering av fabrikkar i St. Michel og Notre Dame de Briancon i Frankrike. Albert Petersson var teknisk leiar for desse fabrikkane. I 1896 vende han heim til Sverige, og blei administrerande direktør for Alby Carbidfabrik. Frå denne posisjonen gjorde han fleire tekniske nyvinningar, og la ned ei rekkje patentar. I 1905 overtok engelske The Sun Gas Company aksjemajoriteten i Alby, for å få kontroll over råstoffet karbid. Produksjonen blei straks dobla, men greidde likevel ikkje å dekka behovet. The Sun Gas Company såg seg om etter billig vasskraft andre stader, og Albert Petersson blinka ut Tyssedal og Odda som ein optimal etableringsstad.

 

Alby Carbidfabrik i Sverige

Alby Carbidfabrik i Sverige. Foto: NVIM arkiv

 

Alby United Carbide Factory i Odda 1915-1924

Alby United Carbide Factory i Odda rundt 1915-1924.  Foto: NVIM arkiv

 

I 1906 blei AS Tyssefaldene grunnlagt, med Albert Petersson som ein av stiftarane. Det enorme prosjektet med bygginga av kraftanlegget starta. The Sun Gas Company, eller Alby United Carbide Factories Ltd. som det no heitte, førte samtidig opp fabrikkanlegg i Odda. (Fabrikken fekk seinare namnet Odda Smelteverk). Albert Petersson hadde oppdraget med å både planleggja fabrikken, og leia han. Saman med kona Leonie busette han seg i Odda, og var direktør på smelteverket fram til han døydde i 1914. Heile tida jobba han iherdig med å vidareutvikla prosessane i industrien. Han framstod som ein av verdens fremste ekspertar på smelteverksteknologi og produksjon av karbid. Etterfølgjaren hans, direktør F. W. Bruce, skriv at Albert Petersson ”må sies å stå blant de fremste pionerer innen denne nye industri som i dag er nådd op i förste rekke blant de elektrotermiske verdensindustrier.” 

 

 

Kva er karbid?

 

Det me til dagleg forstår med karbid, er det produktet me får ved elektrisk samansmelting av kalk og koks. Første trinn i prosessen er å brenna kalksteinen til brent kalk. Sjaktovnar blir fylte med CO-gass frå karbidomnen. Ved 900 – 1100 grader blir kalsiumkarbonat spalta til kalsiumoksid (brent kalk) og karbondioksid. Til framstilling av eitt tonn karbid går det med 600 kg koks, om lag 1700 kg kalkstein, 15 – 20 kg elektrodemasse og 3000 kWh elektrisk kraft. Ved høge temperaturar reagerer kalken med karbon. Kalsiumkarbid og karbonmonoksid blir resultatet av denne reaksjonen. Karbiden blir tappa ved 2000°C i flytande, kvitglødande tilstand i støypejarnsdiglar og blir så avkjøla. Når karbid kjem i kontakt med vatn, blir det utvikla acetylengass. Gassen gjev eit intenst kvitt lys. I starten blei han nytta som lyskjelde. Seinare blei acetylengass tatt i bruk mellom anna ved autogen sveising og skjering. Acetylen blir også brukt til framstilling av kjemikalier som for eksempel PVC. Karbid i finmalt form blir brukt til avsvovling av jern og stål. 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no