NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Lindehuset laga pengar av luft!

Korleis gjekk dette til? Kva var eigentleg Lindehuset? Kvifor namnet «Lindehuset»? Kva rolle spela det for fabrikken? Og kvar kjem øl inn i biletet?

Lindehuset from NVIM on Vimeo.

 

Huset og anlegget har fått namn etter den tyske ingeniøren og industrimannen Carl von Linde (1842 – 1934) som var professor i termodynamikk ved den tekniske høgskulen i München. Han utvikla metodar og anlegg for destillasjon av luft og bruk av ammoniakk til kjøleteknikk. Faktisk var ei av årsakane til oppfinninga problem som oppstod under ølbrygging....Tradisjonell ølbrygging fann berre stad i dei kalde månadane fordi den kjemiske prosessen for å laga øl treng kulde. Ølbrygging genererer varme, men blir det for varmt, kan gjæret omkomma og dermed ødelegga ølet. I hundrevis av år brukte ølbryggarane derfor is i blokker som dei plasserte i kjellarar for å holda ølet kaldt. Men gjennombrotet kom i 1876 då ingeniøren Carl von Linde oppfann mekanisk nedkjøling ved eit bryggeri i München. 

 

Lindehuset sin hovudfunksjon har vore produksjon av flytande nitrogen etter Linde-metoden. På smelteverksområdet ligg Lindeanlegget like ved ”cyanamiden” eller kalsiumcyanamid-fabrikken fordi nitrogen frå Lindehuset blei tilført prosessen i cyanamid-omnane. Luftinntaket til anlegget er synleg som eit lite tårn ved arbeidarbustadane i Skulegata på Bakke.

 

Behovet for nitrogen eller kvælstoff har vore stort i den moderne verda fordi landbruket tok i bruk kunstgjødsel for å auka matproduksjonen. I artikkelen ”Harnessing the Hottest Heat and the Coldest Cold” om Odda-fabrikkane i 1918, blir nitrogen omtala som ”the World`s Friend”. I dei første etterkrigsåra var nitrogenproduksjonen dirigert til eksportsalg og innanlandsmarknaden var lenge regulert av Pristilsynet.

 

Den første konsesjonen for Lindeanlegget blei gitt 25. mai 1908. Den galt cyanamidfabrikken med tilhøyrande anlegg for framstilling av rein nitrogen. Anlegget blei installert ved oppstart i 1907/08, men femti-års beretningen for Odda Smelteverk as fortel at nytt anlegg blei installert i 1912 då smelteverket auka produksjonskapasiteten. I etterkrigsåra var anlegget forelda og upåliteleg. Nytt Linde nitrogenanlegg med nye kompressorar blei kjøpt inn og montert. Det er dette anlegget som står i dag, men særleg kompressorane blei på nytt skifta ut i løpet av 1990-åra og heilt fram til 2001.

 

Den viktigaste metoden for framstilling av flytande luft er den Linde fann opp i 1895 i München. Kort tid etter, uavhengig av Linde, fann Hampson opp ein liknande metode i London.

 

Lindeanlegget er basert på den såkalla Joule-Thomsoneffekten. Smelteverket sin første direktør dr. Albert Petersson, tok si doktoravhandling over Thomson-effekten i 1895 i Zürich. Von Linde blir rekna som oppfinnaren av den kommersielt baserte LNG-prosessen som gjer tørrgass flytande ved ein kombinasjon av trykkauke og nedkjøling. Framgangsmåten blei oppdaga i 1897, då von Linde klarte å gjera både oksygen, nitrogen og luft flytande i ein og same operasjon. Hans fryseteknologiske LNG-patent har fått stor tydning for kjøp og salg av naturgass i verda og hans forsking har vore viktig for all kjøleteknikk.

 

Her kjem betydninga av ølet inn att; Fysikaren James Joule vaks opp med ein far som hadde sitt eige bryggeri. Gjennom oppveksten og aktiviteten på bryggeriet hadde Joule lært at han trong ekstremt nøyaktige forhold og ferdigheter for å måla og definera den mekaniske varmen. Han bestemte seg for å finna opp eit måleinstrument som kunne visa heilt nøyaktig temperatur; kvikksølvmodellen som i dag er den meist brukte temperaturmålaren. Det er han og William Thomson som er opphavet til Joule-Thomsoneffekten.

 

 

 

Ingeniør Halvor Johan Bådsvik fortel i eit intervju i Hardanger Folkeblad:

Linde-metoden

- Lindehuset er ein fabrikk som laga nitrogen. Frå lause lufta faktisk. Eit av dei viktigaste produkta til smelteverket den fyrste tida var kalsium-cyanamid. Det vart nytta som gjødsel. Det vart kalla «Trollmjøl» og «Odda-perler». For å lage det trong ein ei mengd nitrogen. Lindehuset var ein nitrogenfabrikk, kalla opp etter Carl von Linde. Han fann fram til prosessen for å hente nitrogen ut av luft, fortel Bådsvik, og serverer oss ein kortfatta versjon av den smarte metoden.

- Det er kring 80 prosent nitrogen og 20 prosent oksygen i luft. Kort sagt går prosessen ut på å komprimere lufta for deretter å late den ekspandere. Det gjev ei avkjøling. Du kan samanlikne det med ein kjøleskåpmotor. Prosessen vert repetert og ein kan oppnå svært låge temperaturar. Ved minus 192°C vert lufta flytande. Deretter destillerte dei den flytande lufta og fjerna oksygenet. Då sat dei att med nitrogen. Lufta tok dei inn ved Bakka, og den gjekk i ein kulvert gjennom Odda og opp i Lindehuset, fortel Bådsvik. Det er i dag råd å gå denne underjordiske gangen.

 

Sjølvforsynt fabrikk

Bådsvik fortel at det må ha vore Linde-anlegg ved verket sidan kring 1910, då det er dokumentert produksjon av kalsium-cyanamid frå det året. Dette stadfestar arkivar ved Norsk Industri- og Vasskraftmuseum, Brita Jordal. Ho fortel at den første konsesjonen for Lindeanlegget blei gitt 25. mai 1908.

Men det er ikkje same anlegget som det i dag vert spela teater i. Etter krigen vart verket modernisert og unge Bådsvik kjenner svært godt til Linde-anlegget som står i dag.

- I 1949 kom eg heim frå teneste i Tysklandsbrigaden. Eg ville inn på teknisk høgskule i Trondheim, men trong praksisplass. Det fekk eg ved Odda Smelteverk. Dette året erstatta verket det gamle Linde-anlegget. Eg har skrudd på tusenvis av muttrar i dette huset, fortel sivilingenøren, som seinare kom attende til Odda og vart teknisk direktør ved verket.

Då den billige fullgjødselen kom på marknaden nytta det ikkje å kome til torgs med dyre Odda-perler. Det betyr ikkje at det var kroken på døra i Lindehuset. Råvara som trengst for framstilling av eit anna produkt dei laga ved OS, «Dicy», er nemleg kalsium-cyanamid og CO2 (karbondioksyd). Det var framleis bruk for nitrogen.

Luringane ved Odda Smelteverk hadde allereie CO2 som eit avfallsprodukt frå kalkomnen der dei brann kalk til karbidproduksjon. Nitrogen henta dei frå lufta i Lindehuset og dermed var dei sjølvforsynte med det meste til å lage Dicy. Eit genialt elektrokjemisk konsept.

 

 

Lindeanlegget Odda Smelteverk Lindeanlegget

Produksjonsdiagram for Lindehuset

Lindehuset som kulturbygg

 

Etter at Odda Smelteverk la ned produksjonen i 2003, sto Lindehuset til forfall. Gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom NVIM, Riksantikvaren og Odda kommune, kalt “Kulturminner og verdiskaping”, er store delar av utvendig fasade restaurert.

Arkitekturen representerer ein internasjonal industriarkitektur frå århundreskiftet, då funksjonalismen var på veg inn, men klassisistiske trekk framleis var tydelege.

Lindehuset er blitt eit heilt spesielt kultur- og teaterhus i Odda. Når du går gjennom ”foajéen” går du gjennom sjølve lindeanlegget. Her er det fullt av røyr, tankar og måleinstrument.

 

Det moderne lindeanlegget. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

 

 

Lindehuset med eføy Lindehuset før restaureringa. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

 

Lindehuset fasade 2015 Lindehuset etter restaurering. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

 

Kjelder: Brita Jordal, arkivar ved NVIM, Halvor Johan Bådsvik, ingeniør ved Odda Smelteverk

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no