Dei to første informasjonstavlene om kraftanlegget står i Toppelvsvingen ved Skjeggedalsvegen og på Lilletopp.
Informasjonstavlene gjer det meir interessant og lærerikt å gå til Lilletopp. Tavla i Toppelvsvingen fortel litt om vegen opp og kva museumsgjester og turgåarar kan finna på Lilletopp og Oksla. Tavla oppe ved fordelings-bassenget fortel om tunellane og anlegget på Lilletopp der røyrgata startar.
Her er fakta om det historiske kraftanlegget, smakebitar frå anleggstid, teknologi, arbeidsminne og andre opplevingar. Tavlene har tekst på norsk og engelsk og er del av eit større informasjonsopplegg som skal koma i området.
Norsk Vasskraft- og industristadmuseum (NVIM) har stått for innhald og montering. Reiselivsselskapet Fossenes dal har tatt initiativet og skaffa prosjektmidlar frå Odda kommune. Jostein Soldal i Opplev Odda har vore pådrivar. Odda trykkeri har stått for layout og produksjon.