I åra 1936 til 1939 rasa borgarkrigen og kampen mot fascismen i Spania. Engasjementet nådde langt ut over landegrensene. I arkivet til fagforeininga ved Boliden Odda AS, avd. 61, finn vi god dokumentasjon på dette.
Spaniakomitéen Spaniakomitéen i Odda blei stifta i januar 1937. I alt 28 organisasjonar var tilslutta komitéen, derimellom fagforeiningar, parti og idrettslag. Komiteen arrangerte ei rekke tiltak for å støtta det spanske folk økonomisk og moralsk, spre opplysning om borgarkrigen og vekkja folket til solidarisk støtte.
Agitasjon på nasjonalt plan Den 7. september 1938 blei det halde eit stort agitasjonsmøte på Bakke der ca 800 møtte fram. To representantar var på turné med ein ambulansebil av same type som den nasjonale spaniakomitéen hadde sendt til Spania.
Oppfølgjing på lokalt plan Odda og Tyssedal faglige utvalg var fellesorganet for alle fagforeiningane innan Landsorganisasjonen (LO) i indre Hardanger. I september 1938 gjekk dei ut med eit opprop til alle fagforeiningane om å betala inn kr 3, - pr medlem. Oppropet som avdeling 61 (den gong Odda kjemiske arbeiderforening) og alle dei andre mottok var underteikna G. Larsen og slutta med desse orda: Mottoet bør være: En ambulansebil fra arbeiderne i Odda og Tyssedal i full virksomhet i Spania før jul (1938).
Avtalen med den lokale spaniakomitéen var at fagforeiningane skulle skaffa 3/4 og komitéen den siste fjerdedelen. Oppsluttinga var god, ikkje minst takka vere begeistringa etter agitasjonsmøtet i september, så målet blei nådd. Til saman 3948,- kroner blei samla inn gjennom arbeidsplassane hausten 1938. Eit stort løft. Berre 11 av ca 2000 fagforeiningsmedlemer i heile Odda-området reserverte seg mot innbetaling eller trekk.
Verdifullt kjeldemateriale i arkivet Den lokale spaniakomitéen arrangerte utloddingar og heldt arrangement og foredrag viser sluttrapport og rekneskap som vi også finn i saks- og korrespondansearkivet. I alt kr 17142,22 gjekk frå Odda og Tyssedal til Den norske hjelpekomité for Spania. Solidariteten med folket i Spania var sterk i Odda og Tyssedal som så mange andre stader. Men etter at general Franco sigra over republikken, blei hjelpearbeidet ståande i stampe. "Skuffelsen var for stor til at noe mer kunne gjøres med hell" skriv den lokale komitéen i sluttrapporten då dei la ned arbeidet hausten 1939.
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum har arkiv etter lokale fagforeiningar i Oddaområdet. Dette er svært verdifullt kjeldemateriale når historia skal skrivast. På fylkesnivå har Lokalhistorisk arkiv i Bergen (LaB) mange arkiv etter arbeidarrørsla og på nasjonalt plan har vi Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek (ARBARK) i Oslo.
Les meir om det store hjelpearbeidet og det norsk - svenske sjukehuset i Alcoy i nettutstillinga frå Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek her
Bergensaren Oluf Milde, gift med ei Oddadama, reiste som frivillig til Spania i 1937 og var ambulansesjåfør ved fronten. Men Milde blei sjuk under opphaldet og døydde av tyfus den 27. desember 1937. Les meir om den spanske borgarkrigen og dei frivillige i nettutstillinga frå Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek her