Få ro til dine møte i Statkraftstova, eit topp moderne møtelokale med historisk sus. Storsal, styrerom og intime salongar med peis og mjuke sofaer. Lokalet er lyst og lekkert dekorert med AK Dolvens kunst.
AV - utstyr: Alle tekniske fasilitetar tilgjengeleg.
Kapasitet etter oppsett; I klasserom: 30 pers. Kinosal: 60 pers.
Servering i pauser og ved ankomst, etter avtale.
OVERNATTING Tradisjonsrike Tyssedal Hotel (1913) vart bygd som administrasjonshotell for bedriftene. I salongane tok norske og utanlandske industripionerar viktige avgjerder.
Hoteller har ei stor kunstsamling og hyggjelege salongar. 26 rom/ 50 senger.
Tyssedal Hotel er kjent for sitt gourmetkjøkken, og disker opp med dei lekraste rettar. For det eksklusive selskap inviterer vi til bankettmiddag med underholdning blant turbinar og søylerekkjer i den snart 100 år gamle kraftkatedralen Tysso 1.
Lunsj kan leverast i møtelokalet eller serverast andre stader. Picnic - kurver tilgjengeleg i kombinasjon med utflukt. Be om forslag!
AKTIVITETAR Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum skaper den historiske ramma for besøket. Med guida turar, gode historier og aktivitetar inviterer vi til ei reise gjennom vasskraft- og industrihistorie. Spør oss om forslag til aktivitetar! Kva med eit museumsbesøk, konsert i kraftkatedralen, industribesøk, foredrag, kunst-, arkitektur- og naturvandringar, ”Du skal høyre og smake mye”, helikopterturar, brevandring eller lagbygging...?
Kontakt oss for info og tilbod: post@nvim.notlf 53 65 00 55