Solfrid, Solveig og Gjertrud lagar ferdig materialpakkane til juleverkstaden 2020. Foto: Anne Gravdal, Kraftmuseet
2020 var året då verda vart snudd på hovudet. Også den tradisjonelle juleverkstaden måtte avlysast, for aller første gong. Då idéen kom frå Kraftmuseet om å prøve å lage til ein digital versjon, stilte dei kjekke damene og snekkarane opp med ein gong.
Kraftmuseet filma damene i venelaget medan dei viser korleis den flotte julepynten vert laga. Snekkerverkstaden viser korleis du kan lage skjerebrett, materiale finn du sjølv.
Materiale til julepynten vart laga klart i femti pakkar, og dei første som melder seg på facebook er heldige og får henta dei gratis i Kraftmuseet sin pop-up butikk i vitenparken laurdag 5. desember kl. 12. Lykke til!
Digital juleverkstad 2020 - Bjørn og Vidar i snikkarbua from Kraftmuseet on Vimeo.
Alle filmane er laga av Dag Endre Opedal, Kraftmuseet