NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Vinkelgården - Røldalsvegen 21-23

Vinkelgården er eit hus i Røldalsvegen i Odda. Huset er truleg kalla «Vinkelgården» frå det var nytt fordi det er bygd i ein open vinkel. Men dei fleste godt vaksne og eldre kallar huset Bækkenhuset.

Etter at industriperioden starta i 1906, og særleg etter at smelteverket utvida omkring 1912 vaks Odda-byen ytterlegare. Det blei og stor etterspurnad etter forretningslokale. Forretningsmannen Sverre Bredal som kom frå ein handelsfamilie i Bergen og byggmeister Knut Svåsand frå Odda gjekk saman og bygde Vinkelgården i 1913.

 

Vinkelhuset i gågata 2015 Vinkelgården - vinkelhuset eller Bækkenhuset i 2015. Det bymessige huset er bygd i 1913 og ikkje i middelalderen, men det har likevel føyd seg etter svingen i gata . Foto: Anne Gravdal NVIM

 

Jugend og mansard

I første etasje har det alltid vore butikklokale med store vindauger mot gata. Andre etasje hadde opprinneleg leilegheiter og var bruka som bustad til opp mot 1980-talet. Huset og vindaugene (nye kopietterlikningar) har tydelege trekk av jugend. Taket har broten mansardform, som på kontorbygga ved smelteverksporten og på Handelshuset lenger oppe i gata.

 

Vinkelgården eller Bækkenhuset i Odda sentrum 1940 Vinkelgården - Bækkenhuset etter bombinga av Odda sentrum i 1940. Foto: Bjarne Eidnes NVIM arkiv

 

 

Forretningsmannen Sverre Bredal

Sverre Bredal dreiv agentur- og skipsekspedisjonsfirma fram til han døydde i 1919. Du kan lesa litt meir om Bredal og arkivet etter han her: Svenskesnus i ei rallartid

 

Forretningskvinner

Anna Haugen var kjend som ei drivande forretningskvinne då Odda var under oppbygging. Ho dreiv konfeksjonsbutikk her frå 1914 til 1927. Etter det overtok firmaet A/S Bækken & Co, også det ein klesbutikk. Bækkenbutikken var i drift i omlag 50 år, så det er ikkje rart at huset lenge blei heitande Bækkenhuset på folkemunne. Og framleis er det klesbutikkar i dette huset.

Anna Haugen saman med tilsette foran butikken i Bækkenhuset Anna Haugen saman med tilsette foran butikken i Bækkenhuset. Foto: NVIM arkiv

 

 

Tannlege Fredrik Wexel starta tannlegekontor i bygget i 1914. På 1990-talet heldt Femina frisørsalong til i 2. etasje i nr 23 der det før hadde vore bustad.

Olav Lothe var lenge eigar av bygget, og seinare Brita Lothe Melstveit.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no