NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Torget 2-4

Der Torget og kaien i Odda er i dag, var det opprinneleg fjøra og båtstøer. Den kjende fotografen Knud Knudsen leika nok her som barn i 1830-åra. Bestefar hans var «Kremar-Knut», og faren var også kremar i Kremargarden nokre år.

Seglar du innover Hardangerfjorden og går i land kaien eller Torget i Odda, har du kome til den innste botnen i Hardangerfjorden. Torget har i periodar vore sentrum i Odda, men dette har endra seg i takt med at institusjonar for kommunikasjon og handel har blitt flytta.

Torget 2 mot Eitrheimsvegen er det eldste bygget som står i dag. Frå 1850-åra og fram til 1910 sto det ei toetasjes bu her. Den hadde gavl mot sjøen og var korn- og saltlager for handelsmannen i Kremargarden.

 

Båtane Vøringen og Hardangerfjord ligg til kai i Odda

I 1938 var sjøvegen framleis hovedfartsåra inn til Odda. Her ligg båtane "Vøringen" og "Hardangerfjord" til kai ved Torget. Foto: NVIM arkiv

 

Kommunikasjonssenter

Men den nye tida og industribyen sørga for nye hus og funksjonar. Odda Handelsforening bygde (truleg) her, men huset har sidan romma postkontor (frå 1917 til 1960-talet), blomebutikk, platebutikk, klesbutikk mm før det blei kommunalt Tenestetorg og turistinformasjon. Oppe i etasjane var det husvære.

Torget 4 mot sjøsida var tidlegare HSD (Hardanger Sunnhordalandske Dampskipsselskap) sin hovudbase i Indre Hardanger. Både rutebåtar og busstrafikk hadde knutepunkt her, så her var eit yrande liv. Få hadde privatbil og alle hadde eit ærend på posten.

Bygget mot sjøen var først i ein etasje, men blei bygd på til to etter som aktiviteten auka. Det spesielle halvrunde kioskbygget som bind husa saman hadde billettluker. HSD sin logo trona lenge på murfasaden mellom bygningane.

Etter at HSD flytta til nytt bygg og godsterminal ved kyrkja i 1972 og all offentleg trafikk forsvann frå området, var det ei tid ungdomsklubb og "rockeverkstad" i bygget og området endra karakter.

 

 

Bandet LOADY i øvingslokalet i Torget 2-4 i 1978  

Odda-bandet LOADY hadde øvingslokale i Torget 2-4 i 1978. Foto: Anne Gravdal NVIM

 

Torget 2-4 med parkeringsplass

Ei stund var her parkeringsplass. Foto: Jan Gravdal Kraftmuseet arkiv

 

Torgdag i Odda på 1990-talet

Eller torgplass liknande slik det er i dag - 2015. Foto: Jan Gravdal Kratfmuseet arkiv

 

 

Liv og røre på Torget i Odda i 1970 Liv og røre på torget i 1970-71. Foto: Knut Birkeland Kraftmuseet arkiv.

 

 

Spesialområde vern

Dei karakteristiske bygga Torget 2 - 4, har ei mangslungen historie og er ein viktig del av Oddas ansikt og identitet. I 1990-1991 blei dei sett i stand etter ein lengre forfallsperiode. Sentrumsbygg frå før 1920 er omfatta av eksteriørvern for å ta vare på særpreget frå den tidlegare strandstaden og den unge industristaden.

Kommunestyret sikra kommunal eigarskap gjennom Odda havnevesen. Torget 4 rommar eit servicesenter for båtfolk til gjestehavna. Odda Industristadmuseum (seinare Kraftmuseet) var nokre år i 2. etasje i Torget 2-4 tidleg på 1990-talet.

Torget 2-4 med Industristadmuseet

Odda Industristadmuseum var i Torget 2-4 tidleg på 1990-talet. Foto: Jan Gravdal Kraftmuseet arkiv.

 

 

Byfornying og kontakt med fjorden

I 2002-2003 starta Odda kommune eit byfornyingsprogram der Torget og strandpromenaden er første steg. Målet er betre kontakt mot fjorden og aktivitet og trivsel i sentrum. Området er skjerma frå bilane som meir dominerte før og arkitekt Kjetil Kiran har planlagt byrommet og drikkefontena med den vesle vassrenna ned til fjorden.

 

Torget i Odda

Den gamle kaien er bygd opp av norsk gråstein, men torget har fått dekke og møblar av kinesisk stein. Biletet er frå 2004. I dag er Turistinformasjonen der Tenestetorget var. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no