NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

«Skrevet»

Skrevet i Odda er staden der Røldalsvegen og Kremarvegen deler seg. Desse gatene går skrått nedover frå same punkt; dei «skrevar ut» som to bein i ei bukse kan vi tenkja oss. På folkemunne har staden fått namnet «Skrevet», men dette er blitt den skriftlege forma også etter kvart.

Før låg det eit lite bustadhus med uthus og stall her. Stallen var frå turisttida før industriutbygginga då eigaren dreiv med muring og hesteskyssing. Sidan eigedomen låg så tett ved hovudvegen, fekk han namnet «Veien» og dei som budde her blei omtala som «Johannes i Veien» og «Jakob i Veien».

 

Kiosken i Skrevet

Etter at fabrikken kom og folk strøymde forbi, vart det etablert ein kiosk heilt øvst i vegdelet. Der selde dei mengder av aviser og blad. Kiosken var ein populær møteplass og stundom ein stad å flørta med dei unge damene som sto i kiosken eller ein stad å smugkikka på dei meir dristige blada. Den gong var det ikkje vanleg å stilla desse ut slik som no.

 

Skrevet i Odda sentrum Huset i Skrevet. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Slaget i Skrevet

Staden er også svært godt kjent frå ei spesiell hending den 1. mai 1931. Den gong var det to demonstrasjonstog på 1. mai i Odda, eit for kommunistane og eit for sosialdemokratane. Sidan dei lokalt hadde ein langvarig konflikt gåande i fagforeiningane, enda det med slåsskamp midt i gata akkurat her. Både kvinner og menn var med i ”slaget”. Dei kjempa eigentleg om politisk makt og spesielt om ei av fanene som var det viktige symbolet deira.

 

«Slaget i Skrevet» er blitt legendarisk. - I kveldsnyheitene på NRK den 1. mai 1931 blei det meldt at 1.maifeinga rundt om i verda hadde gått roleg for seg, bortsett frå i Barcelona og i Odda der det hadde vore «gateopptøyer».

Kommunistane påstod at Arbeidarpartiet hadde stole fana frå avd. 44. Dei sa frå at dersom ho blei boren i det andre demonstrasjonstoget, blei ho tatt frå dei med makt. Tyssedalskommunistane kom difor til Odda under plakaten: «Ned med fanetyven!»

Uhellet ville at dei to toga passerte kvarandre ved Handelshuset. Då aktivistane frå Tyssedal såg tyssedølen som bar fana, rauk dei på han, og i neste augneblink var heile gata ei einaste røre. Det var uråd å skilja venn og fiende frå kvarandre. Kommunistane drog i den eine enden av fana, og dei andre vil ikkje sleppa. Til slutt stakk kommunistane av med den istykkerrevne fana, som så viste seg å ikkje vera den dei var ute etter. 22 mann blei stilte for lagmannsretten, og dømde til fengsel eller bøter.

 

Artikkel, Slaget i Skrevet-HA-1972 I 1972 skreiv Jan Gravdal i Haugesunds Avis om Slaget i Skrevet.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no