NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Kjøttbasaren

Kjøttbasaren (Eitrheimsvegen 15) er eit av dei to husa som den kjende Bergensarkitekten Ole Landmark teikna i Odda. Også dette huset er bygd medan handelen og butikkane var i ein tidleg oppbyggingsfase. Ei fasadeteikning har påskrifta «A/S Kjøtbazaren i Odda» og er datert og signert Bergen, juli 1917 Ole Landmark.

 

Huset blei lenge heitande Kjøttbasaren, akkurat som i Bergen. Det var fleire spesialbutikkar her, kvar med si inngangsdør frå gata, men om det var slik frå starten er litt usikkert. I andre etasje låg Kaffistova, ein populær kafé og møteplass gjennom mange år.

 

 

Kjøttbasaren i Odda Kjøttbasaren i Odda som hadde Kaffistove i andre etasje. Foto: Dag Endre Opedal NVIM

 

 

Arkitektur

Huset har opprinneleg ein stram og vakker arkitektonisk stil med detaljer inspirert av nyklassisisme eller 20-tallsklassisisme. Men etter ombyggingar, fjerning av dørar og oppsett av markiser, må vi leita litt for å sjå linjene i bygget. Legg merke til detaljer i hjørnelister og døromramming, markeringa av skillet melom sokkel- og førsteetasje og dekorasjon som har stått over ei av dei tidlegare inngangsdørane.

Taket er valma og lite dominerande, men takutspringet stikk langt fram og gjev huset tyngde.

 

Hestetransport, Hardanger Hotel, kjøttbasaren i Odda På byrjinga av 1900-talet var hesteskyssen framleis populær. Kjøttbasaren i bakkant, mellom Hardanger Hotel og Torget 2-4. Foto: NVIM arkiv

 

Originalteikningane til bygget finns i Landmarkarkivet i Bergen byarkiv. Arkivet viser at Landmark også har teikna privathuset for Sverre Bredal på Tokheim, betre kjent som «Ravn-huset»  (sjå artikkel av Eva Røyrane med eit klikk på biletet) eller Eitrheimsvegen 139.

Artikkel av Eva Røyrane om Ravn-huset

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no