NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Byplanen for Odda sentrum av 1907

Den første gjeldande reguleringsplanen for Odda sentrum blei godkjend 12. september 1907, men då var alt grensene for bygningskommunen sprengt.

Den første bygrensa gjekk frå elva til sørsida av cyanamidefabrikken, vidare forbi søndre kontorbygg på Smelteverket og vestover like sør for Ungdomshallen. I aust var elva bygrensa, i vest fjellfoten og Knausen, og i nord låg sjøen.

«Strandstedet Odda i Ullensvang herred» blei eigen bygningskommune frå 18. desember 1896. Då blei Lov om bygningsvæsen på landet gjort gjeldande. Brannvesen, vassforsyning og regulering var bygningskommunen sitt ansvar.

I 1902 kom departementet med krav om at det skulle utarbeidast reguleringsplan for Odda. På den tid var byggeaktiviteten liten og kommunen prøvde å utsetja arbeidet for å spara utgifter mellom anna. I 1905 blei det første utkastet til reguleringsplan utarbeidd og sendt departementet til godkjenning. Men alt før planen var godkjend, kom planane for industriutbygginga. Reguleringsforslaget blei kalla tilbake og ny plan blei laga i all hast sommaren 1907.

 

 

Reguleringsplan 1907

Reguleringsplanen - byplanen for Odda i 1907. Foto: NVIM arkiv

 

Sjakkbrett-regulering

Ingeniør N. N. Sontum laga utkastet til denne første gjeldande reguleringsplanen for sentrum. Planen la mønsteret for dei rette gatene vi framleis har på Bakke. Det regulerte området la ramma for ein "miniby".

Planen er teikna oppå "Kart over Strandstedet Odda i Ullensvang, Hardanger, i Maalestokken 1:1000. Ekvidistansen 1 Meter. Optaget Høsten 1904 aj Ingeniör Olaf Hagen". Hagen hadde laga utkastet til regulering frå 1905.

 

 

Grensene for tronge alt før planen var vedteken

Planen blei godkjend 12. september 1907, men då var alt grensene for bygningskommunen sprengt. Dette skuldast mellom anna at Karbidfabrikken bygde sine bustadhus langs hovudvegen oppover forbi Mjøstølen og området blei kalla Nyland. Nyland blei lagt inn under bygningskommunen i 1908.

Strandstedet Odda i 1863

Strandstedet Odda i Ullensvang herred. Biletet er frå 1863. Foto: NVIM arkiv

 

Kjelder

  • Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. B. 2, 1962, s. 554-555.
  • Odda Tidend, 25.4 1908. Odda som by – et tilbageblik. – Et udkig fremover. Del I.
  • Reguleringsplan (for Odda) af ingeniør N.N. Sontum. Juni 1907.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no