NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Brekkehuset - Bakkegata 1

I mange år lukta det nysteikte brød og kaker rundt Brekkehuset i Bakkegata 1 i Odda. Då huset var nytt var adressa Nygata. Korleis heng dette saman?

Gata som går frå Røldalsvegen (Gågata) og vestover til Opheimsgata, er den aller første gata som blei påbyrja i tråd med byplanen frå 1907. Første gatestubben var berre mellom «postvegen» eller Røldalsvegen og Kremarvegen og gata fekk namnet Nygata. Seinare blei gata forlenga i tråd med planen og fekk namnet Bakkegata, eit namn som tar vare på eit av dei gamle gardsnamna og stadnamna i Odda

 

Bakkegata i sentrum Bakkegata i dag - 2015. Foto: Anne Gravdal NVIM

 

 

Bakar og brannmann

I 1907 fekk Odda sin første brannsjef, og det var Hans Brekke. Han flytta til Odda saman med broren Olav som var bakar, og saman bygde dei nytt hus midt i sentrum. Hans var ikkje berre brannsjef. Han starta kolonial eller matbutikk i første etasje. Og i underetasjen starta Olav opp med bakeri.

Alt i 1911 overtok Hans Kjellevold kolonialbutikken, medan Olav Brekke dreiv som bakar i mange år. Og etter bakar Brekke, dreiv bakar Rosseland bakeri- og konditori her. Seinare har det vore ulike typar service-tilbod i bygget.

 

Konditori i gågata i Odda på 1980-talet Bakeri og konditori Rosseland under baldakinen på Brekkehuset. Foto: Jan Gravdal NVIM arkiv.

 

 

Brekkehuset og Bakkegata etter bombinga i 1940 Brekkehuset etter bombinga av Odda sentrum i 1940. Foto: NVIM arkiv

Ombyggingar

Har du lagt merke til at huset har eit lite tårn og veranda med gammalt rekkverk i 2. etasje? Opprinneleg såg ikkje huset slik ut, men det blei tidleg bygd på med ein etasje og heilt ny hjørneløysing. Bygget på det andre hjørnet i kavrtalet mot Kremarvegen har forresten eit mykje meir forseggjort hjørnetårn. Ta ein avstikkar og ein kikk på det!

I nokre år på 1970-80-talet, var her Manstyle klesbutikk for menn. Då blei fasaden på huset bygd om og den opprinnelege stilen blei nokså forandra. Huset fekk ei dominerande baldakin som er praktisk å setja varer under når det er regn. Men det gode arkitektoniske særpreget blir heilt forandra av denne.

 

Brekkehuset i sentrum 2015

Brekkehuset i dag - 2015. Foto: Anne Gravdal NVIM

 

I tilfelle brann

I gågata utanfor Brekkehuset står framleis ein av dei første brannhydrantane frå 1908. Slike var det mange av oppover Røldalsvegen og rundt om i sentrum og no er det kun to som står igjen. Det passar bra med eit slikt kulturminne utanfor huset til den første brannsjefen.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no