NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Brannhydranten i Folgefonngata

Har du sett den grønne brannhydranten på hjørnet av Murboligen i Odda? Det blir fortalt at den tyske keisaren, keisar Wilhelm den 2. gav Odda tilskot til hydrantane i 1908. Odda Vandverk var stifta i 1908, og vassnettet på Bakke og i sentrum blei bygd ut same år. Odda bygningskommune hadde ansvaret for teknisk tilrettelegging i det regulerte byområdet. Det var viktig å ha vatn lett tilgjengeleg i tilfelle det blei brann.

Den første brannutrykkinga som er registrert i Odda, skjedde 14. august 1908. Men den mest kjende brannen i Odda skjedde nok då Hotel Hardanger brann ned sommaren 1895.

 

 

Brannøving på torget i Odda

Brannøving på torget i Odda på 50-talet. Foto: NVIM arkiv

 

Stil og arkitektur

I dag er det berre to av dei eldste hydrantane frå 1908 igjen i sentrum. Den andre står i Gågata ved krysset Røldalsvegen - Bakkegata. Begge er måla i ein grønn farge. Formene på hydrantane fortel oss at dei er laga i den tida då arkitekturen var inspirert av klassiske, historiske former med trekk frå tempelsøyler. Jugendstilen var også moderne på denne tida og la vekst på mjuke, svungne former.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum har også tatt vare på ein slik hydrant i gjenstands-samlinga. Hydrantane er laga i kraftig støypejarn og er svært tunge.

Brannhydranten frå 1908

Den gamle brannhydranten står i krysset Folgefonngata – Bustetungata. Den er eit lite, men viktig kulturminne.

Foto: Dag Endre Opedal

 

Kumlokk

Inne i brannhydranten er det koplingar for brannslangar og kranar som opnar for at vatnet strøymer opp frå leidningsnettet djupt nedi bakken der det er frostfritt.

Det er mange stader for tilkopling av brannslangar i sentrum, men desse er no i kummar under gata. Dette er meir praktisk når det skal brøytast for snø og køyrast med bilar. Du kan sjå etter kumlokk i støypejarn. 

Dei har ofte fine mønster. I Bergen kallar dei kumlokka for «bekkalokk», men det gjer ikkje folk i Odda.

 

Keisarleg hjelp

Vi kjenner ikkje heile historia om kvifor eller korleis Keisar Wilhelm den 2. gav hydrantane til Odda. Men den tyske keisaren var kvar sommar på cruise til norskekysten og «det verdensberømte og underdeilige sted Odda» som det er omtala som då Odda var på topp som turistmål. Keisaren lika naturen, men var ikkje minst interessert i den industrielle og økonomiske utviklinga, og han hadde kontakt med handelsmennene eller grunneigarane som også styrte bygningskommunen i Odda. Vi kjenner mange historiar frå andre stader i Noreg der den tyske staten gav hjelp til oppbygging, som i Ålesund t.d. På folkemunne sa ein at keisaren og ikkje Tyskland gav hjelpa. Odda fekk også den første sjukestova eller lasarettet, «keisarbrakka», som gåve på same tid. Det vert sagt at den tyske kona til Albert Petersson - Leonie snakka med keisaren om behovet for ei sjukestue i Odda.

 

Keiserbrakka i Odda 1908-09

Keiserbrakka i Odda 1908-09. Foto: NVIM arkiv

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no