NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Digitalt Museum

Digitaltmuseum er ein felles, nasjonal katalog over samlingar i norske kunst- og kulturhistoriske museer.  Du kjem inn på sida om du klikker her:  DigitaltMuseum eller på biletet under.

 

 

 

Skjermdump av nettsida Digitaltmuseum DigitaltMuseum er dei kulturhistoriske museene si felles formidlingsløysing for fotografier, gjenstandar og kunst. DigitaltMuseum inneheld informasjon om kring 2,4 mill. objekt frå 214 museer og samlingar i Norge (status 2019). Objekta vert presentert på DigitaltMuseum med m.a. følgjande dataelement:

- beskriving
- namn
- bilete - historisk fotografi, eller avfotografert gjenstand eller kunstverk
- stadfesting - kommune, adresse, stadnamn eller koordinater
- type, emneord, klassifikasjon
- referansar

Registreringane er i all hovudsak basert på katalogiseringsstandardane for kulturhistoriske gjenstandar og fotografier (se ABM-U). Objekta er registrert på forskjellege tider, på forskjellege institusjonar og av forskjellege personar, og det gjer at informasjonen kan avvika litt, sjølv på same type objekter. Dei enkelte institusjonane kan ha ekstra informasjon om objekta.

Data frå DigitaltMuseum er tilgjengelege via Norvegianas API. Dette APIet leverer data om enkeltobjekter i xml, json eller kml-format. Ein stor andel (særleg foto) er stadfesta med koordinater (geografiske desimalgrader og UTM 33). APIet er ope, og det krevs ingen nykkel.

KulturIT har også eit eiget API til DigitaltMuseum.

Lisensen (dvs. rettigheiter til gjenbruk) ligg på postnivå, og vil såleis variera frå post til post i datasettet.

Data via KulturITs API vert kontinuerleg oppdatert, og via Norvegiana ukentleg.

Norvegiana og dei enkelte datasetta er beskrevet i notatet “Norvegiana og KNreise – datamodell, innhold og databaser, API”.

DigitaltMuseum vert utvikla av KulturIT.

Skjermdump av Kraftmuseet si side på Digitaltmuseum

Slik ser Kraftmuseet si side på Digitaltmuseum ut. Per 2020 har Kraftmuseet 16 370 foto, film og gjenstandar, og samlinga er vaksande. Klikk på biletet for å koma inn på sida.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no