NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Gro Holm

forfattar i ei brytingstid. (1878 -1949)

 

Gro Holm

Gro Holm. Foto: NVIM arkiv

 

 

av Brita Jordal

Ingen har skrive hardingen inn i skjønnlitteraturen slik som Gro Holm, er det sagt. Bøkene hennar om Løstølsfolket engasjerte sterkt då dei kom. Folk kjende seg igjen, - veninner og familie protesterte. Men tema som menneskeverd og verdien av arbeid var almenne. - Denne nedvurdering av kvinner er ikke typisk for Hardanger, ikke en gang for bonden, sa Gro. Ho var 52 år og hadde mykje livserfaring då ho debuterte i 1932.

Bøkene om "Løstølsfolket", "Kår", "Odelsjord" og "Sut", fortel om landbruket på 1800-talet og opp mot overgangen til industri og moderne tider rundt 1900. Bøkene fortel levande om dagleglivet, om høgtider og tradisjonar i indre Hardanger. Forfattaren er opptatt av økonomi og teknikk i landbruket, men òg menneskeleg kapital og spesielt kvinner si stilling. Gro sa sjølv: "Det gjelder kvinnen overhodet. Hennes innsats og mannens undervurdering av henne. Det er bondemiljøet jeg har skildret, men alle de ord som mannen har til forringelse  av kvinnen, de hentet jeg ikke bare fra bonden, nei i utstyrtelige mengder frå overklassemannen. Jeg har samlet på dem  fra min pureste ungdom." 

I boka "De hvite kull" frå 1936 er temaet oppkjøp av fossekrafta og etablering av industristadane. Bøndene vart utnytta. Seinare skreiv ho om tenestejenter, fattigfolk og andre nedvurderte grupper.

 

 

Ungdomslaget - arena for utvikling

Odda Ungdomslag, skipa 1892, var ein svært viktig organisasjon for Gro. Her fekk ho utfalda seg med dans og teater, foredrag og turar. Folkeopplysnings-idéen var sentral for arbeidet i Noregs Ungdomslag og medlemene skulerte seg om samfunnsforhold, språk og kultur. I Odda Ungdomslag var ho redaktør for lagsavisa Fram og skreiv sjølv både dikt, forteljingar og meiningsytringar som ho las opp. Ho var mellom anna kritisk til turismen. Den tenande og underdanige haldninga som ein ofte måtte ha, passa ho nok ikkje.

 

 

Gro Holm konfirmasjonsfoto  
 Gro Holm som konfirmant.  

 

 

Gro Holm i badedrakt

Gro Holm som vaksen kvinne. Foto:NVIM

 

 

 

Småbrukar og forfattar

Forsida til boka Løstølsfolket av Gro Holm
Trilogien i eitt bind, 1951

Gro starta tidleg å samla historier og formulera seg skriftleg. Ho vågde å merka seg ut, vart oppdregen som om ho var odelsgut og lika posisjonen ho fekk. Ho samla små historier om personar i lokalmiljøet  i ei notisbok og opptredde med forteljingar i forsamlingar og selskapsliv. Då ho var 51 år sende ho inn manus til ein romankonkurranse. Ho trefte ikkje med sjanger, men ho trefte med bodskapen og fekk forlagskontrakt med Gyldendal. Ho var nøye med å forma språket, var ordknapp og poengtert slik hardingane likar å uttrykka seg. Ho får fram bodskapen gjennom realistiske episodar  og "understatement"-teknikk. Ho gav ut sju bøker. Trilogien om Løstølsfolket merkar seg ut, har kome i nye utgåver og blir framleis lesen. Bøkene om Løstølsfolket var svært populære på 1930-talet. Få hadde råd til å kjøpa dei då, men biblioteka hadde lange ventelister og stort utlån. Både vekeblad, litterære magasin og kvinnetidsskrift skreiv flotte artiklar om forfattaren Gro Holm.

 

Motstand

Gro levde midt i ei brytingstid mellom det gamle bondesamfunnet og det nye industrisamfunnet. Ho fanga tendensar i tida og tok oppgjer med seg sjølv i verdisaker. Ho og dottera Herborg melde seg ut av statskyrkja i 1930, eit standpunkt som vekte oppsikt i lokalsamfunnet.

Heilt frå Gro var lita følte ho harme over at kvinner og andre grupper i samfunnet var nedvurderte og utnytta. Kvinnene i bondesamfunnet var ikkje "vørde" eller sett på i kraft av seg sjølve, men som avhengige av mannen. Gro ville kjempa kvinnene sin kamp og møtte klar motstand, ikkje minst i lokalsamfunnet. To menn lenger ute "i fjorden" skreiv brev til ho at dei hadde lese bøkene, men brent dei slik at døtrene ikkje skulle få tak i dei. Det låg altså opprør og sprengkraft i dei. Og veninner og familie følte seg uthengt og var sinte. "Det var ikke fra den kanten jeg hadde ventet motstand" uttalar ho skuffa til ein litteraturkritikar. "Men de begynner å forstå meg nå" kunne ho konstatera nokre år seinare, så ho fekk oppreising. Og ho fekk svært rosande brev og omtalar frå andre. Forfattaren Sigrid Undset skreiv eit kort, rosande brev og forfattaren Haldis Moren Vesaas skreiv lange, inspirerte brev og artiklar til ho.

Familiesituasjon

Gro vaks opp på gard sør for kyrkja i Odda sentrum. Dei var fire systre. Ut over folkeskulen, hadde ho ikkje annan utdanning enn eit vevkurs. Men ho var interessert i å skriva og ho utvikla seg gjennom verv og aktivitet i Odda Ungdomslag. Ho var fysisk sterkt og uredd for ansvar på garden. Familienamnet var Prestegård, men Gro var opptatt av språk og dialekt og lika best Prestgarden. Odda var ein livleg stad sommarstid då turistnæringa var i rask vekst. Slektningar og venner reiste til Bergen og Amerika (USA), nokre skreiv brev eller kom tilbake og fortalde om alt det nye, så ho fekk mange impulsar. Garden blei kjøpt opp til fabrikktomt i 1906. Mannen Olav Holm (1884 - 1971) kom til Odda som nyutdanna maskiningeniør i 1907. Han kom frå ein kulturinteressert familie i Bergen, - eit inspirerande miljø for Gro. Dei gifta seg i 1908 og reiste til Berlin ein vinter der han gjekk på ingeniørhøgskulen i Charlottenburg. I 1914 fekk dei dottera Herborg. Seinare budde familien ein periode i Paris. Frå 1920 var dei fastbuande i Odda og ho dreiv småbruket Berjaflot med kyr, sauer, høns og hagebruk.

Gro Holm på Berjaflot i 1930-32
Gro Holm heime på småbruket Berjaflot. Slik poserte ho som forfattar. Foto: Olav Holm/NVIM

 

Det var bondekonas liv jeg ville gi

Gro kjende seg sterkt knytt til landbruket og verdiane der. Det var bodekonas liv jeg ville gi, - slitet, fortalde ho i eit brev til ein litteraturkritikar. Ho såg kvinnene sin innsats og evne til å ta i bruk ny kunnskap samstundes som dei tok vare på tradisjonane. Kvinnene sin innsats var ofte avgjerande for at det vart økonomisk overskot. Tradisjonelt var det mest stas å få gutar, men gjennom eige liv og gjennom bøkene sine viser Gro Holm at jenter med kunnskap og innsikt var like verdifulle. Dei måtte berre få rom til å utvikla seg.

Ho hadde ein moderne mann for si tid som støtta og hjelpte til aktivt både som forfattar og småbrukar. Dei representerte begge nyskapande kraft i lokalsamfunnet. Mannen Olav var både ingeniør, kunstmalar, lærar og arkitekt. Etter at Gro hadde debutert, melde ho seg inn i Forfatterforeningen. Som ung var ho medlem i Odda Ungdomslag. Seinare då ho skulle i fjoset og floren kvar kveld og stella dyra, var ho ikkje så aktiv i organisasjonslivet, men ho var medlem i dameklubben Hovdenklubben og ho og mannen bidrog gjerne på festar og samkomer i ingeniørforeiningane og private sosiale lag. - Gro Holm er Odda sin første store forfattar. Ho er ein svært viktig kulturformidlar for Odda og Hardanger.

 

Kjelder:

Samlingane etter Gro og Olav Holm, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, Tyssedal: Privatarkiv, foto, artiklar med  meir.

Arkivet etter Odda Ungdomslag, OLA/85 ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.

Brita Jordal: Ho sette oss på kartet. I Hardangerjol 2002.

Brita Jordal: Ei sterk og ekte Oddastemme. I Oddingar har skrive. Odda Mållag, 2006.

Brita Jordal: Gro Holm : sosialrealisme i bygdesamfunnet. I Folgefonna og fjordbygdene. Nord 4. 2008. s 354-355.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no