NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Aagot Sewell

ingeniørfrue med sosialt engasjement. (1886 -1973)

 

Aagoth Sewell

Aagoth Sewell. Foto: NVIM arkiv

 

av Brita Jordal

Aagot Sewell (uttale: Sul) treivst som ingeniørfrue og mor i Tyssedal. Ho var flott og moderne, men brydde seg likevel om dei som var dårlegare stilt. Samfunnet burde bli betre for alle, meinte ho. Sjølv om ho budde i strøket for "finefolka" i Tyssedal, våga ho markera seg i kontroversielle saker som oppretting av Mødrehygienekontoret.

 

 

Hjelp til andre

Aagot og mannen Thorkil Sewell (1887-1946) budde først i Odda og blei naturleg del av overklassemiljøet. Dei hadde det bra, men såg at mange hadde det vanskeleg. I 1918 stifta Aagot og tre andre "fruer" Hovdenklubben - ei lokal dameforeining. Eitt av formåla var å yta hjelp og økonomisk støtte til sjuke og trengande. Klubben kontakta Frelsesarméen som oppretta slumstasjon med to sjukepleiarar, eller slumsøstre. Slumsøstrene hjelpte folk i heimane. Hovdenklubben arrangerte basarar, dansar og arrangement for å få inn pengar og søkte årleg Albert Peterssons minnefond og Odda kommune om støtte. Slik bruka altså overklassefruene utdanning og fritid på å organisera heimesjukepleie som no er eit sjølvsagt kommunalt ansvar. - Aagot var lærarutdanna. Ei av dei andre i Hovdenklubben, direktørfrua Lizzie Bruce, var sjukepleiar.

 

Familiesituasjon

Aagot vaks opp på Nordfjordeid og i Kristiania (Oslo). Fødenamnet hennar var Oos. Faren arbeidde i forsikringsselskapet Svea. Dei var fem systre som vaks opp. Ein bror døydde som spebarn. Etter at foreldra døydde tidleg, måtte syskenflokken bu spreidd  hjå ulike fosterfamiliar og dette sette sitt preg på dei. Men jentene fekk utdanning. Aagot utdanna seg som lærar er det sagt, men vi kjenner ikkje til kvar ho studerte. Mannen Thorkil kom frå Oslo og utdanna seg til elektroingeniør i Sveits. Familien hadde engelsk avstamming, difor namnet Sewell. Aagot og Thorkil gifta seg medan han studerte og ho flytta til Sveits, så dei er ikkje registrerte i folketellinga i 1910. Dei budde så i Odda, og deretter 25 år i Tyssedal. Dei fekk borna Kirsti, Thomas og Anne.

Søstrene Oos med Aagot i midten. Foto: NVIM

 

Engasjement rundt middagsbordet

Aagot arbeidde i periodar som lærar i Tyssedal, truleg som vikar. Ho kom i direkte kontakt med folk frå alle typar bustadområde. Thorkil var ingeniør ved AS Tyssefaldene frå 1920 til 1945 og hadde ansvar for Tyssedal bygningskommune og tilsyn med arbeidarbustadane. - "Jeg husker samtaler rundt middagsbordet der mor tok opp problemene hos flere familier. Hun ville ha rettferdighet og hjelpe til. - - - Til jul måtte jeg gå med matkurver til folk. Jeg synest det var veldig urettferdig at ikke alle hadde nok" fortel dottera Anne (f. 1921).

 

Mødrehygienekontoret

Aagot Sewell med sonen Thomas. 
Foto:NVIM

Aagot var ein av stiftarane til Mødrehygienekontoret, - ein forløpar til Helsestasjonen. Der skulle gifte kvinner få prevensjonsrettleiing og læra barnestell. Aagot og Sigrid Haavik representerte Hovdenklubben i arbeidskomitéen. Fru Haavik var utdanna jordmor og var gift med kommunelege Jan Haavik. Dei to overklassedamene hadde sett mykje sosial naud og dårleg helse i heimane. Dei såg og at mange kvinner blei gravide utan at dei ønska det eller hadde helse, bustad og økonomi til å ta ansvaret. Nokre av dei var unge, ugifte hushjelpar i overklasseheimane.

 

Kjøkkenet - forbudt sone for menn

Fruene Sigrid og Aagot tok ansvaret inn over seg og ville hjelpa, ikkje berre 

 lukka augene for overgrep eller tragediar som følgde. Aagot innførte eit strengt regime i eigen heim. Kjøkkenet var forbudt område for mannen og sonen når dei hadde unge hushjelper. - Trass ei borgarleg sosial ramme, meinte altså Aagot at seksualitet og familie var ei politisk og offentleg sak, ikkje berre ei privatsak. Det var mange kvinner som var ueinige i eller mangla mot til å meina det same. Den borgarlege avisa Hardanger (V) var i motsetning til arbeidaravisene heilt tause omkring opninga av  Mødrehygienekontoret og dei annonserte heller aldri for prevensjon.

Aagot var vararepresentant i kommunestyret for 1929 - 1931. Ho representerte Odda kommunale fremskrittsparti, altså borgarleg, men radikal. Mannen var òg valt inn i kommunestyret, men han var truleg ikkje så politisk engasjert som Aagot. Thorkil fekk etter kvart dårleg helse. Han slutta ved Tyssefaldene og familien flytta frå Tyssedal i 1945. Aagot blei 86 år.

Festdag ved Tyssedal barneskule. Frå fotoalbumet til familien Sewell. Foto: NVIM

 

Provoserte og batt saman

Aagot sitt syn på kvinner sin rett til å bestemma over eigen kropp provoserte. Ho opplevde at mange av mennene i hennar eige miljø var svært kritiske då ho engasjerte seg for å få oppretta Mødrehygienekontoret. "Verst var de som utsatte hushjelpene for mest skade", har dottera Kristi fortalt. "Men hun var virkelig forarget over holdningen hos mange menn" fortel dottera Anne.

Aagot representerte på mange måtar dei overklassekvinnene som særleg kommunistane tok avstand frå i sin retorikk. Ho hadde tre barn, hjelp i huset og fritid. Men Aagot var målretta og saksorientert og i det konkrete arbeidet for mødrehygienekontoret var det uproblematisk for kommunistar og sosialdemokratar å samarbeida med ho. Det var arbeidarklassekvinnene som tok initiativet til mødrehygienekontoret, men støtte frå Aagot og kvinnene i det borgarlege miljøet hadde mykje å sei for den statusen som den banebrytande institusjonen fekk. 

Kjelder:

Hilde Danielsen: Dei moderne kvinnene i Odda. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, Tyssedal, 2000.

Anne Engelsen, født Sewell (dotter), Jorunn Berulfsen (barnebarn) og Dina Sewell (barnebarn) i samtalar med NVIM 2013.

Foto frå album etter Aagot og Thorkil Sewell hjå Jorunn Berulfsen.

AS Tyssefaldene: Liste over tilsette. Arkivsamling NVIM.

Norske gravminner: Aagot Sewell, født  31.12.1886 og død 29.11.1973. Gravlagt: Vår Frelsers Gravlund, Oslo.

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no