NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Synssansen

Augo våre oppfattar lys. Lyset kan koma frå sola eller ein lampe, det treff gjenstandar og vert reflektert (sendt tilbake). Når lyset går gjennom pupillen vår og treff netthinna bak i auga, oppfattar sansecellene det og sender signal til hjernen.

Synssansen

 

UNDERSØK PUPILLEN:

Pupillen ser svart ut, men er eigentleg berre eit hol. Det er blendaropninga til auga, og ringmuskelen rundt regulerer storleiken på opninga. Stå framfor spegelen i eit litt mørkt rom og sjå på pupillen. Lys med ei lommelykt, og sjå kva som skjer med storleiken. Kvifor skjer det? Når det kjem mykje lys inn, vil auga sleppa inn mindre lys, for ikkje å bli heilt blenda. Når det er mørkt opnar me opp og slepp inn meir lys så me kan sjå.

Prøv å påverka pupillen med vilje! Får du det til? Truleg ikkje, for det er det autonome nervesystemet som styrer dette, det går av seg sjølv. Det sympatiske nervesystemet, den delen av det autonome nervesystemet som gjer oss «gira», får pupillen til å utvida seg. Du vil få større pupill viss du er redd, eller ser på nokon du er forelska i.

Kva tar lengst tid – venna seg til mørkret eller til lyset? Det går raskare å trekka pupillen saman enn å sleppa han opp. Ringmuskelen som regulerer pupillen fungerer slik at muskelfibrane ligg rundt opninga. Når muskelen strammar seg så vert opninga mindre, det er ein aktiv prosess. Når muskelen slappar av så vil pupillen gli open. Har du sett på TV at legen lyser inn i auga for å sjekka om pasienten lever? Dersom pupillen ikkje reagerer på lys, så er det eit dårleg teikn.

 

Synssansen

KORLEIS FUNGERER EIN SPEGEL?

Spegelen er glatt og flat, og reflekterer lyset nøyaktig tilbake i staden for hulter til bulter slik ruglete flater gjer. Den reflekterer også alle fargar og ikkje berre enkelte bølgjelengder. Derfor får du eit nøyaktig bilete av deg sjølv når du ser på spegelen. Du kan prøva å spegla deg i ein spegel som ikkje er flat, for eksempel innsida eller utsida av ei skei. Korleis blir biletet då?

 

Synssansen

 

KVA RETNING GÅR LYSET?

Prøv å trilla ein sprettball inn mot ein vegg. Kva retning kjem han tilbake? Står du rett framfor, kjem kan tilbake til deg. Trillar du på skrå, går han ut motsett retning.

Nett slik gjer lyset og. Ta nokre skritt til sida og sjå på skrå inn i spegelen. Ser du deg sjølv no? Nei, no vil du sjå det som er på den andre sida av rommet. Hadde du kasta ein ball inn der spegelen er, ville han spretta ut dit du ser.

Stå rett opp og ned framfor ein spegel, og sjå kor stor del av kroppen du ser. Korleis vil det endra seg om du ryggar bakover? Dei fleste vil tippa at du då ser meir av deg sjølv, men du blir kanskje overraska. Kan nokon forklara kvifor? Kor stor spegel må du minst ha for å kunna sjå heile kroppshøgda di?

 

Djupnesyn

DJUPNESYN:

Kvifor har me to auger, plassert på same side av hovudet? Er ikkje det litt bortkasta? Mange dyr har augo på sida av hovudet, og har mykje større synsvinkel.

Fordelen med vår plassering av augo er at det gjev djupnesyn. Hald armen ut framfor deg med tommelen opp, og sjå på han med eit auga om gongen. Ser du at tommelen flyttar seg i forhold til bakgrunnen? Kvart auga ser med litt ulik vinkel, og forskjellen blir større jo nærare ansiktet du held tommelen. Denne informasjonen kan hjernen din bruka til å bestemma avstanden til ting. Viss me ikkje har djupnesyn kan me bruka til dømes kor stort noko ser ut til å vurdera kor langt vekke det er, men det blir ikkje særleg nøyaktig.

Set ei brusflaske på bordet og plasser ei fyrstikkøskje på høgkant oppå. Stå nokre meter ifrå og gå rimeleg raskt og resolutt bort og knips vekk fyrstikkøskja. Gjekk det greitt? Gjer det same med det eine auga lukka. Verre no? Du treng begge augo til å bedømma avstand nøyaktig.

 

Synssansen

Kor har sauer, kattar, hestar, høns, ugler, hjortar, ulvar og kaniner augo plassert? Ser du ein samanheng med kva type dyr som har dei på sidene og framme? Kvifor det, trur du? Lag gjerne ei liste, så får du inn litt skrivetrening og.

 

Synssansen

 

ETTERBILETE:

Stirr midt på dette biletet i 20-30 sekund. Sjå deretter på ein kvit vegg eller eit ark like lenge. Kjem det fram eit bilete? Kvifor skjer det?

Sansecellene våre reagerer på stimuli, men dei reagerer mest når det er endring i stimuli. Du kjenner til dømes ikkje at du har klede på deg heile tida, for sansecellene i huda sluttar å masa om det når det har vart ei stund. Det er viktigast for oss å oppfatta ting som endrar seg eller skil seg ut.

På netthinna vår er det sanseceller som oppfattar lys. Når du har stirra lenge på hjartet, så har dei sansecellene som registrer det lyse området vent seg til mykje lys, medan dei som såg det svarte området har vent seg til lite lys. Når du så ser på eit kvitt felt, så vil cellene som såg på det svarte området oppfatta dette som mykje lysare enn i stad, og senda masse signal om lys. Dei som så på det kvite hjartet opplever ikkje så stor endring frå i stad, så dei sender ikkje noko særleg signal. Då ser plutseleg det området mørkt ut i forhold til det lyse rundt. Derfor ser du no eit svart hjarte på kvit bakgrunn.

 

Synssansen

Tappane er ein type sanseceller som registrerer ulike bølgjelengder av lys, som me oppfattar som ulike fargar. Stirr på flagget i 20-30 sekund, og flytt blikket til ei kvit flate. Kva flagg ser du no?

Det som skjer her, er det samme som i stad. Dei sansecellene som såg på den grøne fargen vente seg til grønt lys, og reagerer mindre på det når det får inn kvitt lys etterpå (kvitt er alle fargar). Då ser du ekstra lite grønt akkurat der, og då oppfattar me det som motsett farge – nemleg raudt.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no