NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Høyrselssansen

Øyra oppfattar vibrasjonar i lufta, og det oppfattar me som lyd. Lyd er altså berre bølgjer, og treng eit stoff å bølgja i.

Me kan høyra i luft og vatn og lyd kan gå gjennom faste stoff som metall. Men i verdsrommet kan me ikkje høyra noko, for der er det ikkje noko stoff som kan bølgja.

Her kjem nokre forslag til korleis de kan utforska høyrselssansen! Forklaring under kvart bilete. 

 

Foto: Signe Bondhus Jensen, Kraftmuseet

 

LYTT
Ligg heilt roleg med lukka auger, og lat nokon laga lydar med ulike gjenstandar. Lytt, og prøv å skildra lydane. Er det ein dunkelyd? Klirrelyd? Skrapelyd? Høg eller lav? Klangfull, dump, hól, skarp, mjuk? Me kan skilja mellom utruleg mange lydar, og har mange ord for å beskriva lyd. Mange av dei er metaforar (språklege bilete) frå andre sansar, til dømes lys og mørk, mjuk og hard.

Lyd er berre bølgjer i lufta. Det er rart at noko så enkelt kan gje så rik oppleving, og at me kan skilja mellom tusenvis av lydkvalitetar. Tenk berre korleis me kan skilja ulike stemmer frå kvarandre!

 

Foto: Signe Bondhus Jensen, Kraftmuseet

 

LYD ER RØRSLE

Lydbølgjene er jo usynlege, sidan lufta er usynleg. Men i dette forsøket kan me faktisk sjå at lyd er vibrasjonar. Lag ei tromme ved å leggja til dømes plastfolie over eit glas. Legg litt pulver, til dømes salt, oppå tromma (ikkje bruk noko som er farleg å få i ansiktet/augene, som basisk vaskepulver). No skal du prøva å synga til pulveret, og sjå kva som skjer. Prøv med ulike, klåre tonar. Hald gjerne plast mellom munnen og tromma, så du ikkje blæs vekk pulveret med pusten. Du kan sjå video av forsøket i kommentarfeltet.

Kva skjer med pulveret når du syng? Ser du forskjell på ulike tonar? Kvifor det, trur du?

Inne i øyra vårt er det ei lita tromme, trommehinna. Den reagerer akkurat slik når lydbølgjer treff ho - ho vibrerer. Trommehinna er kopla til nokre bittesmå bein, som i sin tur dunkar på noko som heiter sneglehuset. Inni der er det masse sanseceller som som oppfattar dei ulike lydbølgjenene, og sender beskjed til hjernen. Hjernen oppfattar det som ulike lydar.

 

 

FREKVENS

Frekvensen til lydbølgjene betyr kor raske dei er, altså kor mange gongar per sekund dei svingar. Nokre lydbølgjer er store og treige, medan andre er korte og raske.

Hald ein linjal eller liknande ut frå bordkanten. Klem hardt ned akkurat ved kanten av bordet, og prøv å slå an ein tone. Varier kor mykje av linjalen som stikk ut. Endrar lyden seg? Er det dei korte, raske bølgjene eller dei lange, treige bølgjene som lagar djupast lyd?

 

 

 

BØLGJELENGD

Bølgjelengda er omvendt proporsjonal med frekvensen. Det betyr at viss du har halvparten så lang bølgjelengd, får du dobbelt så høg frekvens.

Har du eit strengeinstrument i huset? Prøv å slå an ein streng og høyr på tonen. Så held du på gripebrettet så strengen, og dermed bølgjelengda, blir kortare. Kva skjer med tonen?

 

 

TEST HØYRSLA

Mennesket kan vanlegvis høyra frekvensar mellom 20 Hz og 20000 Hz. Kvalar kan høyra mykje lågare frekvensar, og hundar, kattar og flaggermus høyrer høgare frekvensar.

Last ned ein tonegenerator/frekvensgenerator på mobilen. Det finst fleire ulike som er gratis. Sitt musestille og prøv kor låge og høge frevensar du greier å høyra. Kven i familien har best høyrsel? Me mistar ein del høyrsel ettersom me blir eldre, særleg på dei høgaste frekvensane. Det er viktig å ta vare på høyrselen din, ved å bruka høyrselsvern når du arbeider i bråk, og ikkje ha for høg musikk på høyretelefonane.

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no