NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Laboratoriet

KraftLaben vitensenter var ein gong Oddafabrikkane og Odda Smelteverk AS sitt laboratorium.

Her blei det utført analysar av karbid, cyanamid, dicy samt spesialanalysar. Laboratoriet og arbeidet på laboratoriet var av vesentleg betydning for Odda Smelteverk sin suksess i prosessteknologi, leveransar av produkt med høg kvalitet og anerkjenning av alle sine produkt.  

Etter at laboratoriet var ombygd i 1918, blei det drevet forsøk med ein prosess som fekk namnet ”Odda-prosessen”. Denne skulle komma til å få stor internasjonal betydning.

 

Postkort "Bruk kalkkvælstoff" Odda Smelteverk var flinke til å laga reklame for produkta dei laga. Her er det kalkkvelstoffet som har gjort at kålhovuda har vokse seg så store. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Laboratoriet på Odda Smelteverk på 1950-talet Her er laborantane Lars Syse og Jonny Saue på Odda Smelteverk sitt laboratorium, det som i dag er KraftLaben vitensenter. Biletet er frå 1950-talet. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Laboratoriet på Odda Smelteverk

Smelteverket sitt laboratorium etter at Odda vart råka av ei bombe under 2. verdskrigen. Arkivfoto Kraftmuseet

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no