NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:
  • Brettet

Brettet

Besøk oss og opplev det unike kontrollrommet "Brettet".

 

Kontrollrommet "Brettet". Foto: Dag Endre Opedal NVIM

 

I bakkant av midtpartiet ligg "Brettet". Opphavleg var brettet ein balkong i maskinsalen. For å utvida kontrollpanelet og redusera støyproblem, blei brettet flytta inn bak ein glasvegg slik vi ser det i dag. Kontrollpanelet er både logisk og estetisk utforma. Instrumenta er montert på 45 mm tjukke marmorplater. Desse er vakre, praktiske og sikre i bruk fordi dei ikkje leier straum. Instrumentdelane er i bakelitt. Her oppe arbeidde 3. maskinisten, eller "Brettvakta".

 

Kontrollrommet "Brettet" i Tysso I

 

 

Brett og brettvakt i Tysso I

 

Tysso I kraftanlegg blei bygd mellom 1906 og 1918, og var eit av dei største høgtrykksanlegga i verda. Tysso I var livsnerva til industrisamfunna Odda og Tyssedal.

Kraftanlegget er godt bevart, og er eit av dei fremste tekniske og industrielle kulturminna Noreg har i dag. Kraftanlegget fortel historia om vasskraftutbygginga og om framveksten av det moderne Noreg.

Det er viktig for museet å ta vare på, og å skape liv i anlegget. Eit svært omfattande restaureringsarbeid starta hausten 1999, både av sjølve kraftstasjonen og på Lilletopp, anlegget på toppen av røyrgata og vart ferdigstilt i 2004.

Tyssedal kraftanlegg, Tysso I, vart freda av Riksantikvaren 15. mai 2000.

Brettvakta på Brettet som var plassert på østveggen inne i stasjonen før 1942. Foto:NVIM

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no