NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Tyssedal Hotell frå 1912

AS Tyssefaldene bygde det som eit administrasjonshotell. Frå heile verda kom direktørar, ingeniørar, og funksjonærar, styremedlemmer og kundekontakter for arbeidsøkter og viktige beslutningar, men og for meir sosiale aktivitetar.

Hotellet var klubbstaden til den lokale delen av foreininga Alliance Francaise og har framleis eit lite fransk bibliotek. 

 

Etter ei hard tørn på tennisbanen, kunne ein slappe av i salongen med utsikt til Tidemand og Gudes landskap. Administrasjonshotellet har vore i drift frå 1993.

 

Kulturminneplakaten Tyssedal Hotell. Foto: Arvid Aga for Kraftmuseet

 

 

Arkitekturen skil seg frå produksjonsbygningane med at dei er bygd i den meir frigjorte Jugendstilen. Typiske trekk er det store mansardtaket med arker og lokk, smårutete felt i øvre del av vindauga og store, flate omrammingar. Arkitektane er Chr. F.J. von Munthe av Morgenstierne og Arne Eide.

 

 

Tyssefaldene administrasjonshotel. Foto: Kraftmuseet arkiv.

 

 

Folkelivskunstnaren Nils Bergslien, budde på hotellet i periodar. I hans frodige veggmalerier møter du Åsgårdsreia, Fossegrimen, munkar, nissar og troll i karikerte situasjonar og med kommentarar til industriutbygginga. På hotellet heng også mange andre kunstverk.

 

Nils Bergslien maleri - uferdig Eit uferdig maleri av Nils Bergslien som viser eit bondebryllup. 

 

 

 

Vestlandsfjord av George A. Rasmussen (1842-1914) Maleriet Vestlandsfjord av George A. Rasmussen (1842-1914)

 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no