NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Tyssedal Gard

Tyssedal gard er nemnd fyrste gong i skriftlege kjelder i 1320. Garden hadde ein humlehage og dei dreiv med fruktdyrking.

Plassen Naustbakken nede ved fjorden høyrde også til garden. Dei fyrste åra etter 1906 var Tyssedal eit av fleire industrisamfunn som vaks fram med fossekrafta som den viktigaste lokaliseringsfaktoren.

 

Frå gamalt av var det tre gardsbruk i Tyssedal; Tyssedal og Tyssedalstveit ved fjorden og Skjeggedal ved Vetlevatn øvst i dalføret. Den største av gardsbruka var Tyssedal på nordsida av elva Tysso.

 

Mikkel Tyssedal var ødegardsmann på garden i 1603. Siste gardbrukar var Kristen Tyssedal som i 1911 selde garden til AS Tyssefaldene for kr. 250 000, men han beheldt gardshusa. Det eldste huset på garden reknast i dag å vera stabburet. Det er frå middelalderen og er freda.

 

Elles er her løe med svære gråsteinsmurar, stall og bu. Bua har tømra kjerne datert 1850 - årstalet er kledd inn. På hovudhuset er det rissa inn 1776. Utforminga vi ser i dag, kom til etter 1900-skiftet. Klassisistiske hovudmotiv dominerer bygget, men har forsiktige innslag av nasjonal sveitserstil i detaljane. Kårstova blei i 1913 bygd om til ingeniørbustad for ing. P.J. Brekke.

 

Rundt århundreskiftet 1900 starta Kristen Tyssedal eigen skule - Stanakrinsen -  på lemmen i hovudhuset. 

 

Garden er del av området som er regulert til spesialområde vern.

 

 

Garden Tyssedal og familien Tyssedal i 1905 Tyssedal gard rundt 1905. Familien Tyssedal. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Kristen og Synneva Tyssedal (1894-1914)

Kristen og Synneva Tyssedal. Foto: Kraftmuseet arkiv

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no