NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Trafokiosk eller transformator

Dei aller første var små. Seinare vart dei større. I Dalen står ein av dei store. 

Ein artikkel av Lars Låte.

Trafokiosken som står i Dalen er truleg bygd tidleg på 30-talet Den står der og er i aktivt bruk den dag i dag. Men den ser ikkje heilt lik ut no som då den vart bygd (sjå bilete under). I første delen av 1980-åra vart den ombygd noko, tretaket vart erstatta med betongtak, det vart sett inn ny dør og kiosken vart modernisert innvendig. Etterkvart vart den måla grøn utvendig. Heilt frå den vart bygd og fram til moderniseringa har den vore kvit, slik alle trafokioskane i Odda var og slik du ser på det historiske biletet til høgre. 

Trafokiosken i Dalen er teikna av Olav Holm som var teknisk konsulent for Odda kommune og fleire av trafokioskane som vart bygd i den tida, er teikna av han.

 

Trafokiosken i Dalen Bente Forstrøm og Knut Nistov foran trafokiosken i Dalen. Foto: NVIM arkiv

Biletet over er frå feiring av jonsok i Dalen ca. 1968 og brudeparet er Bente Forstrøm og Knut Nistov. Her på ”Vetleleiken”, den minste leikeplassen i Dalen, var det jonsokfeiring heilt fram til ca 1984-85. Det var eit stort opplegg med samarbeid med Gamleheimen, to bål og dans i garasjen til From.

 

 
Trafokiosken frå 2009
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Informasjon om trafokiosken og nytt bilete er frå Odda Energi.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no