NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Svenskesnus i ei rallartid

Firmaet Sverre Bredal hadde agentur på tobakksvarer og fekk mange brev frå CONRAD LANGAARD  * TOBAK-CIGAR-CIGARET OG SNUSFABRIKER* i Oslo eller Christiania som det heitte den gong. 

Bergensaren Sverre Bredal etablerte agentur- og skipsekspedisjonsfirma i Odda tidleg i 1911. På den tid var det store anlegg i Tyssedal og Skjeggedal. Kraftstasjonen blei utvida kraftig og den store Ringedalsdammen var under bygging. Samtidig var det store byggearbeid for utviding av smelteverket. Oddabyen var i sterk vekst,  kundemassen auka og det var tid for aktiv marknadsføring.  

Snus No 1
Den 3. mai 1911 skriv Langaard til Bredal:

Bekjent med, at der i Deres Distrikt forbruges betydeleige Kvanta af Tidemanns finmalede Snus, fremkommer Nærværende for at underrette Dem om, at jeg nu har forandret Fabrikationen af min finmalede svenske Snus No. 1, saa at denne nu i enhver Henseende er uovertruffen, og efter Udtalelser fra Snustyggere saavel i som udenfor Christiania staar over Tidemanns. – …

 

Brev om snus til Odda i 1911

 

 

Diamant-snus
Sist i juni 1912 skriv Langaard at dei aksepterer tilbod frå Odda Tidende om 35 gongers innrykking ”for en Pris af Kr 35,-." I forkant hadde Langaard den 19. juni skrive til Bredal: Jeg er for nogen Tid siden kommne ud med et nyt Merke i Snus - "Diamant-Snus" - som her på Østlandet  har slaaet enestaaende godt an. Og han ber om annonse i det paa Stedet mest udbredte Arbeiderblad.

 

Brev om snus til Odda i 1911

 


Ein del dokument i Bredal-arkivet (OLA-32) er dels skadd av sopp, - derav misfarginga nede på arka. Men dokumenta er godt leselege og gjev oss eit godt innblikk i forretningsverksemd, forretningsspråk og firma i Odda i perioden 1911 til 1919. Du kan lesa meir om Sverre Bredal i Terje Tverdal sin artikkel i Odda i manns minne nr 17 (2008), s, 142 – 150.

Av Brita Jordal, NVIM.

Langaard opplyser at firmaet vil senda 50 halve øskjer snus for utdeling som prøver til ”det snustyggende publikum”. I same brev mottek Bredal manuskript til ei annonse som skal rykkast inn 24 gonger ”i det dertil mest egnede lokalblad”. 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no