NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Juletrefest i skulehuset i Skare

Etter jul var det tradisjon med jultrefestar. 

I Odda samlast borna frå alle avdelingane på Bedehuset. Det var to festar same dag, først for dei små og etterpå dei store. Eller det kunne vera to bordseter, for halvparten gjekk rundt juletreet medan dei andre åt.

Søndagsskulefesten  på Jordal vart halden  etter skulefesten, gjerne utpå nyåret, og dei fleste mødre med ungar møtte fram med matfat.  I Skare var julefestane årvisse. Då samlast heile bygda i skulehuset.

Frelsesarmeen hadde sine eigne festar på Bakke i Odda og i Brakkebyen i Tyssedal. ”Det som gikk igjen var kakao og boller. Og det var alltid godt og varmt på Frelsesarmeen.”

 

Juletrefest for eldre på Bedehuset i Odda i 1978. Foto: NVIM arkiv

 

 

Herborg Frøystein fortel:

I fjellbygda der eg vaks opp, var skulehuset i Torekoven den einaste samlingsstaden. Der var det møteplass, vallokale og der heldt me juletrefest. Slik som me ungane gledde oss til det! Jentungane var då som no, opptekne av kva me skulle ha på oss. Stor stas var det om me hadde fått ny kjole til jul. Hovlands Ullvarefabrikk hadde utsal i Odda. Og der vart helst tøyet til julekjolen kjøpt. Gamle Samson Sveinsgjerd sto på butikken. Eg hugsar godt dei store rullane med stoff han tok frå hylla og la fram på disken. ”Detta e fin ulltøy som høve til kjolar” sa han. Ja det var nok fint og tynt etter dåtida, men eg trur neppe nokon ville sydd julekjole av det no. Litt stivt var det og klødde gjorde det. Men det tolde me, så fint vane var me ikkje. Rundt på gardane var det nokså vanleg å ha sydame som kom på huset og sydde til vaksne og born. Ho som sydde hjå oss, heitte Ingebjørg Sandstå, og kom utanfrå fjorden. Ho sat i stova og sydde 3-4 dagar og gjerne endå lengre. Kjolane var enkle, med lange armar og gjerne ein krage i skotskruta eller ein kvit heklakrage.

 

Men så var det festen. Mat hadde alle med seg. Det var ikkje så enkelt å frakta den med seg på fat over Løyningshaugane i snøen. Så me kledde skoøskjer med matpapir og la skiver nedi; skiver med egg og sild, rullepølse og sylteflesk. Til søtmat var det julebrød med godt smør. Godt kledd med ullkjole, heimestrikka sokkar og beksaumsko drog me avgårde. Det hende at far køyrde med hest og slede, elles måtte me gå på ski. Småsko hadde me med i veske eller sekk på ryggen.

 

I skulehuset var det sløydsal oppe i andre høgda, og her sto bordet dekka. I skulestova trona juletreet midt på golvet, og med benker rundt veggene. Eg syntest skulestova var veldig stor, men no har dei fleste større stover i heimane sine. Læraren var ein sentral person. Han eller ho leia festen. Det vart ynskt velkomen, og me song ein song medan me sat på benkene. Så var det gang rundt treet, og det var ikkje snakk om at nokon ikkje ville vera med; me spratt opp og song av full hals. Dei fleste julesongane kunne me utanåt, men me hadde med små songhefte, som også finst i dag. Eit stykke frå Norsk Barneblad eller eit anna julehefte vart opplese enten av læraren eller ein av dei største ungane.

 

Så bar det opp i sløydsalen til matøkta. Maten frå skoøskjene var no lagd fint opp på fat. Konene i grenda hadde ei foreining som dreiv med utlodding og fekk samla inn så mykje pengar at dei fekk kjøpt koppar, kar og eit par store panner til bruk i slike lag. Bjørg, syster mi som i dag bur i skulehuset, har enda att av desse kjørelda. Dei er kvite, med ordet ”Fjellgrend” trykt i blå bokstaver. Under matøkta song me sjølvsagt bordverset både før og etter maten. Det kunne alle ungane utanåt. Etter maten var det ned att til selskapsleikar, og det tykte me var veldig morosamt. Eg hugsar ein som vart kalla ”Stakkars pus” som gjekk ut på at ein av festdeltakarane skulle agera katt, krabba rundt på golvet og mjaua og stryka seg oppetter leggene på dei som sat rundt på benkene. Då var det om å gjera å halda seg alvorleg, og den fyrste som lo, måtte vera katt neste gong. Ja, ville ein ha noko moro, måtte ein finna på det sjølv! Det var ikkje berre å trykkja på ein knapp. Eg har prøvd å halda desse leikene i hevd i familiesamlingar heime, men dei døyr ut litt etter litt, diverre.

 

 

Det som var løye før, har ein tendens til å vera teit og dumt no. Nokon nisse og  pakkar kan eg ikkje hugsa at me hadde. Etter å ha gått rundt juletreet nokre rundar til, var det på tide å slutta. Festen vart halden om dagen, så når det tok til å skumra var det å finna att vottar, skjerf og beksaumar og koma seg heim før det vart fjostid og mørkret kom.

 

Eg trur både ungar og vaksne var vel nøgde og for heim med ei god kjensle. Det var enkle festar – men dei lyser i minnet.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no