NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Jul på Løyning i slutten av 1930-talet

Fortalt av Herborg Frøystein

Det er ein skilnad på jula då eg var 6-7 år og no. Kanskje ikkje på sjølve julekvelden, men på korleis ein hadde det både før og etter. Då som no var ein oppteken av maten til jul, og sidan der ikkje fanst verken kjøleskap eller frys så måtte ein laga den så seint oppunder helga som råd var.

 

På gardane vart det som oftest slakta gris – og det skjedde en 2-3 veker før julehelga. Då vart det laga sylteflesk og hermetisk kjøt. Sylteflesket vart lagt i saltlake. Småkaker vart sjølvsagt laga, fleire sorter. Mor laga som regel ein sort som vart kalla ”døler”, tyske skiver, berlinerkranser, kokusmakroner og alltid smultringar. Dei vart laga sist for å vera mest mogeleg ferske.

Bærer vatn i bøtter Foto: NVIM arkiv

 

 

Julepresangar fekk me – og gav. Då var det ein tur til Odda for å handla. Det var om å gjera at me hadde hugselista klar – og at ingen ting vart gløymt, for ein kunne ikkje reke til Odda fleire gonger. Huset vart vaska og rydda dei siste dagane, så det var nok slitsamt for den som var husmor. Juletreet var det far som henta – det var mannfolkarbeid. Det var ingen fast regel at me ungane var med. I det heile var alt så naturleg – alle hadde sitt å gjera.

 

Tradisjonen, høgtida og stemninga var der av seg sjølv, utan ljosreklame, utstillingar og julebord. Då endelig dagen kom, var me ungane så spente – og tida gjekk så seint. Det var nok likt som no. Kvinnfolka var tidlig oppe og fyrde i eldhuset, for no skulle dei baka mjølkekaker og potetkaker. Fjosstellet skulle gjerast som vanleg. Dyra fekk gjerne noko ekstra, litt mjølrøra i bytta denne dagen.

 

Og familien skulle ha noko å eta om føremiddagen. Me hadde ofte kakao og smørbrød – og nå fekk me smaka rullepølsa og sylteflesket. Elles var det egg og sild – og julebrød med godt smør. Og så var det å tusla på lemmen og leggja seg eit par timar for oss ungane – det var fast. Om det var vanleg alle stader veit eg ikkje, men det var nok godt for dei vaksne å få eit par timar til dei siste gjeremåla. Me som skulle vera lenge oppe om kvelden, hadde ikkje vondt av det. Litt mas og uro var det nok når me venta på at tida skulle gå, så det var nok ikkje berre idyll. Eg som var eldst, hadde eit strev med å få dei minste til å halda seg i ro, for så mykje soving vart det nok ikkje. Denne skikken med å kvila eit par timar på føremiddagen julaftan har eg med meir og mindre hell prøvd å overføra til mine ungar. Endeleg vart klokka så mykje at det var på tide å ta på seg bestkleda. Ofta var det noko nytt til julekjole av tjukt hovlandstøy, med ein krage av eit anna stoff til pynt. Me syntes iallfall at me var fine. Bada hadde me gjort i ein stamp i kjellaren på veslejulaftan. Det var fyrt der og då og varma vatn. Men det var nokså kaldt likevel, stort rom og steingolv som det var.

 

Eg kan ikkje hugsa om me pynta treet på veslejulaftan eller sjølve julaftan, men far var iallfall med på det. Eg hugsar sers godt ei geit av papp som alltid hang på ein sentral plass og som far kalla for ”Jolegeita”. Me hadde ikkje ljos på treet – dette var lenge før det kom elektrisitet, og andre ljos var vel for brannfarlege. Treet stod alltid på same staden i kroken mot søraust. Stova vart ikkje brukt til kvardags. Det var eit iskaldt rom med spisebord midt på golvet, kroskåp og benk og ein divan. Då det vart fyrt opp i omnen julaftan, med pynta tre, kvit duk og dei finaste tallerkane, var det høgtid.

 

Julefeiring i ein heim i Odda på 1950-talet Ein typisk julesituasjon på 1950-talet i Odda. Foto: Bjarne Eidnes NVIM arkiv

 

Me hadde vel ljos på bordet og papirserviettar med julemotiv. Noko anna pynt trur eg ikkje det var. Før måltidet song me ”Eg er så glad kvar jolekveld”. Maten var alltid den same: fersk torsk, potetkaker, bløytt flatbrød som me kalla bete, og godt smør og etterpå risengrynsmjølkesup som hadde koka i fleire timar. I grunnen likte eg ikkje så godt fisk på den tida, men på julaftan var det så godt. Det kom av at fisken var fersk og fin. Den vart kjøpt hjå Tore Digranes i Odda. Me sende lapp med Skarsmobilen. Martin Grønsdal eller Halldor Espeland, leverte lappen med fiskebestillinga til Tore – og så henta me den på Løyningsvegen når bussen kom om ettermiddagen. Den fisken me var van med til kvardags var saltfisk som sto i ei tynna i kjellaren heile vinteren – ikkje rart at julefisken var godt! Me feira ofte jul saman med faster og hennar familie og då vart det stor ring rundt treet. Elles var det nisse, ofta mannen i nabohuset, han snakka med ei buldrande stemme og me syntes nok det var litt nifst, endå me visste at det var han. Pakkar var det mange av då og, for me var stor familie, og alle gav alle ein liten ting. Men noko dyrt og flott var det ikkje. Ein ny kortstokk med Gnav eller Svarteper, skrivepapir, eit par labbar og av og til ei bok. Det var stas – og eg hugsar sers godt frk. Detektiv. Eit år fekk eg dokke og vogn av ei jente i Odda. Det var slikt som ho hadde brukt – og var vaksen ifrå. Og eg trur ingen som no får CD-spelar eller PC og slalomski, er så glade for det som eg var for den brukte dokka og vogna. Det hadde eg i mange år etterpå.

 

1. juledag var det å halda seg inne, men det var koseleg. Nye julehefte å lesa i, litt nye leiker og spel – så det var alltid noko å pusla med. 2 juledag var det som oftast gudsteneste, eller preik som me sa, i Skare kyrkje – og då fekk me som var størst, vera med. Dei minste måtte vera heime, for det skulle vera ro i kyrkja i den tida. Mellom jul og nyttår gjekk me naboane til kvarander i selskap – og det syntes me var veldig kjekt. Dei vaksne hadde tid til å vera med på diverse selskapsleikar og god mat var det alle stader. På skulen i Skare skipa søndagskulen til juletrefest – og det var rett storveges og koma med på den.

 

Eg kan ikkje hugsa at me hadde ein einaste fest eller selskap før jul – så der er det stor skilnad frå slik som det er no. Kva som er den beste eller rettaste måten å feira jul på, er vel opp til kvar og ein, men barndommens jul står vel i eit ekstra ljos for dei fleste av oss.

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no